ANNONSE: Surnadal Kino

Robert De Niro og Leonardo DiCaprio i KILLERS OF THE FLOWER MOON

Prima vare på Surnadal kino

Det blir vist mykje kvalitetsfilm dei neste par vekene – her er det berre å meske seg med godbitar!

Men for å gjera unna dei «gamle» først:

SULIS 1907, om dei nærast slaveliknande tilstandane i kopargruvene nordpå, går tysdag 17. og torsdag 19. på dagtid (kl. 13) og onsdag på kveld.

PAW PATROL: SUPERFILMEN går på kveld tysdag og torsdag, medan TROLLS TROMMER SAMMEN har fått dei to neste onsdagskveldane til disposisjon.

Men så over til dei nye gode grunnane til å oppsøkje kinolerretet:

Seniorfilmklubben viser norske NINJABABY

Seniorfilmklubben viser norske NINJABABY onsdag 18.10 kl. 12. Den handlar om Rakel, som trur at ho har vorte gravid med ein det luktar smør av. Lett og humoristisk om eit i utgangspunktet vanskeleg tema – og med ein fantastisk rolleprestasjon av Kristine Kujaht Thorp.

Killes of the Flower Moon
Killers of the Flower Moon

Fredag og søndag er kinosalen rydda for ein skikkeleg tungvektar: KILLERS OF THE FLOWER MOON. Den snart 81 år gamle regissørlegenda Martin Scorsese kvilar absolutt ikkje på laurbæra han har fått for å lage filmar som «Taxi Driver», «Raging Bull» og «Goodfellas». Og denne gongen har han med seg begge sine «faste» hovudrolleinnehavarar; Robert de Niro og Leonardo DiCaprio. KILLERS OF THE FLOWER MOON er ein skikkeleg heilaftan på kino som tek for seg mystiske uoppklara mord på mange frå Osage-stammen på 1920-talet. Basert på sann historie og kritikkane: overveldande gode!

Dokumentaren om BUNADSGERILJAEN blir vist tysdag 24.10 (kl. 13 og 19.30) og onsdag 25.10 (kl. 20). BUNADSGERILJAEN kjempa(r) for fødetilbodet i Kristiansund og fleire andre stader i landet, og filmen vil nok ha mange visuelt fine scener frå nordmørskysten, i tillegg til å vise det brennande engasjementet til dei involverte.

Seniorfilmklubben viser ein skikkeleg klassikar: FRIHETENS REGN.

Seniorfilmklubben, som er open for alle frå 16 år, viser ein skikkeleg klassikar onsdag 25.10 kl. 12: FRIHETENS REGN. Filmen blir rekna som den beste gjennom tidene på den største nettsida for film (imdb.com), om ein da skal tru dei tre millionane som har vurdert den. Og det bør ein. FRIHETENS REGN handlar om Andy som hamnar, heilt urettvist, i fengsel – og som prøvar å finne ut korleis han kan kome fri frå det.

Full oversikt over filmar og tider finn du her: https://surnadal-kulturhus.no/pa-kino-na/

Powered by Labrador CMS