Trollheimsporten søker ny dagleg leiar og redaktør:

Bak f.v.: Mari Vattøy, Berit Synøv Fugelsøy, Britt Grete Moen og Ole Trygve Foseide. Framme f.v.: Eli Solvik, Øystein Hjelle Bondhus, Sigrid Skjølsvold og Gunhild Anne Hyldbakk.

– Ein får vere med på utruleg mykje artig her

5. november går fristen for å søke på stillinga som dagleg leiar og ansvarleg redaktør i Trollheimsporten ut. Og redaksjonen er ikkje i tvil: som tilsett i «Porten» lærer ein stadig noko nytt.

Med nesten 300 medlemmar og aukande lesartal for fjerde år på rad, har Trollheimsporten ei viktig rolle når det gjeld å formidle informasjon og nyheiter i lokalsamfunna i Rindal og Surnadal.

Dei tilsette, som i tillegg til å vere med i ein vaktturnus, står for produksjon av redaksjonelt innhald, håpar no på god oppslutning rundt den utlyste stillinga som dagleg leiar og redaktør.

Mari Vattøy er i gang med sitt 11. år i Trollheimsporten.

– Det må vel vere eit godt teikn, at ein trivest så godt at ein blir verande, ler ho, og fortsett:

– Ein får vere med på utruleg mykje artig her. Det er ei slik breidde på det vi held på med. I tillegg er folk veldig positive til oss, så vi får mange gode tilbakemeldingar på det vi gjer.

– Ja, vi blir godt mottekne overalt, seier Sigrid Skjølsvold, som jobbar 100 prosent som kontor- og vaktmedarbeidar i Trollheimsporten.

Mangfaldig dekning

Breidda Mari Vattøy snakkar om, ser ein og dersom ein går gjennom dei sakene som er mest leste på Trollheimsporten i 2020 (mest lest første år med ny webside finner du her). Ein ting er at nettportalen har eit mål, nedfelt i ein rullerande strategiplan, om å vere lokalmiljøa sitt førsteval for rask og god informasjon.

Ein annan er at ein ønskjer å vere på plass der det skjer – om det er politiske møter, nyheiter hos bedrifter, konsertar eller andre, lokale arrangement.

I tillegg ønskjer Trollheimsporten å gje lesarane dei nære sakene – saker om og med personar dei anten kjenner eller kan identifisere seg med.

– Det er veldig motiverande at lesartala våre går opp, og at folk tydeleg er opptekne av det vi skriv om. Det er stas å sjå den gode utviklinga, seier Vattøy, og får støtte av Skjølsvold:

– Så er det frykteleg interessant å få innblikk i det bedrifter, lag og organisasjonar held på med. Ein lærer mykje, og det dukkar opp spennande saker heile tida.

– Ja, ein kjem tett inn på mykje folk, seier Gunhild Anne Hyldbakk.

Godt arbeidsmiljø

Ho har jobba i Trollheimsporten i snart to år, og trekkjer fram det gode samhaldet i redaksjonen som ein stor plussfaktor for den som skal ta over for Øystein Hjelle Bondhus som ny dagleg leiar og redaktør:

– Vi er veldig flinke til å støtte og hjelpe kvarandre, seier ho.

– Ja, det er eit veldig godt arbeidsmiljø. Det er aldri noko som stoppar, og folk er positive heile vegen, seier Mari Vattøy.

Namnesøster Mari Mauset har vore tilsett i Trollheimsporten sidan april. Ho byggjer og opp under det dei andre seier, om at det er ein fin gjeng å kome inn i.

– Eg har vorte kjempegodt motteke, og har aldri vore redd for å spørje om noko. Så det har vore trygt og godt å komme fersk inn i Trollheimsporten-kollegiet, seier Mauset.

Utlysinga av stillinga som dagleg leiar og ansvarleg redaktør i Trollheimsporten finn du ved å klikke her.

Les meir om Trollheimsporten og dei tilsette her.

Powered by Labrador CMS