Karstein Mauset på hopptrening i Granåsen.

Karstein til VM i hopp for veteranar

Karstein Mauset la opp som hoppar i -89, men etter vel 30 års pause tok han fart ned hoppbakken igjen. Sidan da har det vorte to medaljar i NM og no står VM for tur.

Publisert Sist oppdatert

- Å vera i lufta er ikkje så ille, men ein lang og bratt tilfart med ski du ikkje kan styre er det som er spent.

29. januar reiser han til Zakopane i Polen til VM i hopp for veteranar. Plana er å delta i to bakkestorleikar, K40 og K70, og der kan det forekome hopp på både 50 og 80m. VM blir arrangert første veka i februar og Karstein vil kome med oppdateringar her på Trollheimsporten.

Det har vorte færre hoppbakkar og hopparar dei seinare åra, men Karstein fortel om ein iherdig gjeng med hopparar frå si eiga ungdomstid.

- Vi rente på ski heile tida og var ute og hoppa til det var mørkt. Og i Sagatun var det full gass. Når det var utdeling av ØSIL sin hopp-knapp var vi sikkert 50 hopparar totalt med stort og smått.

- ØSIL har mange gode hopparar som skulle ha vore med å starta opp att og hoppa igjen. Hopp er ein idrett du kan halde på med heile livet. Det gir spenning og mestringsfølelse og du skal helst ikkje bli utsliten når du hoppar. Eg slit med å hoppe frå dei på 75 år og veteranmiljøet er bra. For dei som har abonnement på VG+ anbefaler eg å sjå dokumentaren «Veteranhopperne».

Hopp har vorte ein heilårsidrett. Sommartrening i Knyken skisenter

- Det er mykje som har endra seg sidan sist eg dreiv med hopping; utstyret er noko heilt anna og det er mykje enklare å få tak i utstyr. I veterankonkurransane er det heller ikkje like strenge krav til utstyret.

- Som oftast er ikkje problemet for mykje luftfang i dressen, for i veterankonkurransane er problemet snarare at dressen har vorte for trong.

Karstein er bakkesjef for anlegget i Knyken i Orkdal. Det er treningar to gong for veka og Karstein stiller gjerne med skyss for den som vil være med å prøve, eller berre sjå på. Knykenrennet foregår den 21. januar og kan være ei fin moglegheit for å sjå kva det går ut på. Karstein sjølv stiller nok som speaker.

På spørsmål om kor lenge han ønskjer å halde på med hopping er han litt i tvil. Men han er fornøyd om han får drive på i 10 år til. Skia vil han levere på skimuseet når han legg opp «igjen».

- Den eldste som deltok i NM var 82 år og han har lagt opp sju gonger.

Vi får følgje med på skimuseet når skia dukkar opp, og om dei forsvinn ut att for nye comeback i bakken.

Powered by Labrador CMS