Biskop Ingeborg som rockesolist!

Bispevisitasen godt i gang

Denne veka er det bispevisitas i Surnadal heile 3 dagar, med hektisk program som avsluttar med gudsteneste i Stangvik søndag 30. oktober.

Publisert Sist oppdatert

Visitasen begynte tirsdag med morgonbøn og storstabsmøte på kyrkjelydshuset, der stab og representantar frå alle sokneråda møtte biskop Ingeborg Midttømme og rådgjevar kyrkjebygg, Svein Magne Harnes.

I løpet av tre dagar framover er det fleire institusjonar og bedrifter som får besøk. Først på besøkslista var Amfi Kreativ.

Amfi Kreativ

Avdelingsleiar Stig Husby tok imot følgjet på Amfi Kreativ.

Etter innføring i kva Amfi Kreativ er for noko, vart dei vist korleis ein kan markedsføre kyrkja på ein meir proff og kreativ måte, fortel fellesrådsleiar Rannveig Brøske til Trollheimsporten.

Lina Skjerve Vatten tok følgjet med på høgttenking på kva mulegheiter og utfordringar kyrkja bør ta stilling til, problemstillingar kyrkja er godt kjende med, men her fekk dei innblikk i korleis dette kan presenterast.

Dei vart også oppmerksame på at kyrkja absolutt bør inn i velkomstpakken «Surnadal i boks» og i Aktivitetskalenderen for Surnadal kommune. Det å gjere seg synlege mest muleg i ymse media, også prøve å nå dei som ikkje er «innafor», vart understreka.

Til slutt blei Amfi Kreativ utfordra, frå både biskop og fellesrådsleiar, til å hjelpe Surnadal i markedsføringa av utlysing etter ny kyrkjeverje; og fellesrådsleiaren ser fram til å få hjelp!

Frå venstre: Torbjørn Brøske, Ingeborg Midttømme, Stig Husby, Lene Skjerve Watten, Ragnhild Smisetfoss, Vidar Rygh, Svein Magne Harnes og Lene Wilhelmsen.

Kulturskulen

Neste besøk var på kulturskulen, som er ein interkommunal kulturskule for Surnadal og Rindal. Rektor Torbjørn Larsen tok imot og viste følgjet rundt i lokala i kulturhuset.

Dei starta med rockerommet, som blir mykje bruka. Der kan elevane stikke innom for spel og øving både på dag – og kveldstid.

- Bispefølgjet var ikkje snauare enn at dei fann seg kvart sitt instrument, fortel Brøske. (Sjå bilde lenger oppe)

Dei fekk helse på nokre av lærarane og fekk sjå mykje fin kunst på veggane, både grafikk og maling, på vandring gjennom lokala, fortel Brøske.

Pianolærar Linda Torvik møtte oss utanfor flygelrommet, og var klar for å ta imot elevar.

Torbjørn Larsen gav dei ei grundig orientering om skulen, som i dag har 350 elevar. Dansegruppa er størst med 150 elevar. Deretter kjem piano og song. Tilbudet til elevane er til ei kvar tid avhengig av lærarkreftene, og den største utfordringa, i følgje rektoren, er å få dei nødvendige bevilgningane frå kommunen til å oppretthalde tilboda.

Både biskop og prest lurte på kva som kunne gjerast for å få til meir samarbeid mellom kulturskulen og kyrkja, noko begge instansar er svært interesserte i. Konklusjonen frå alle var at det må takast initiativ frå begge sider, både kyrkja og kulturskulen.

Det har opp gjennom åra vore elevar med i gudstenester og konsertar, både på dans, instrument og song, noko rektoren gjerne såg det kunne vore meir av.

Larsen trekte også fram Vårsøg og Stangvikfestivalen som solide samarbeidspartnarar gjennom fleire år. Der har det jamt vore kyrkjekonsertar, særleg i Stangvik kyrkje.

Under samtalen kom det fram at når ungane kjem i ungdomsskulealderen, er det mange som sluttar på kulturskulen. Kan det vere at «idretten tek dei»?

Vidare kom dei inn på integrering av framandspråklege, som fungerer godt. Fleire frå austeoropeiske land er elevar.

Biskop Ingeborg og rektor Torbjørn.

Det vart også stilt spørsmål om korleis nå dei unge som ikkje finn seg fritidsaktivitet.
Korleis kan kulturskulen nå dei?
Manglar det særlege tilbod, - aktivitetar for gutane?
Kva med undervisning i breakdance, eller hip hop dans?

Som avslutning, spela ein av elevane «Idas sommervise» på piano, til ære for biskop Ingeborg!

Bispevisitasen held fram i dag og torsdag, og den vert avslutta med visitasgudsteneste i Stangvik kyrkje søndag.
Sjå programmet her!

Powered by Labrador CMS