POPUP Loppemarked

Spennande skattejakt i eit artig og inkluderande fellesskap i Korsen grendahus

Bruktmarked er sosialt og triveleg!

Oppdag skatter og nyt fellesskap på Korsen grendehus sitt populære brukt-POPUP.

Publisert Sist oppdatert

Det er snart 2 år sidan Gunn Eline Sæther Lesund og Dordi Kjersti Mogstad drog i gang med POPUP bruktmarked i Surnadal, i nettopp Korsen grendehus. Sidan følgde fleire bygdelag opp med brukt-POPUP, og ein bra trend var i gang også på våre trakter.

No er dei igjen klare med ny brukt-POPUP i ein nymåla storsal i Korsen grendehus, dette trivelege samlingspunktet midt i bygda, på Honnstad i Surnadal. 

Sosialt og triveleg treffpunkt

Gjenbruk av klede, saker og ting er godt miljøarbeid på mange måtar. POPUP-konseptet med at fleire folk går ilag og byr fram eigne, bra varer dei ikkje lenger har bruk for er enkelt, og desse marknadsdagane i Korsen grendehus er eit sosialt og triveleg treffpunkt. Her går det an for alle å gå på spennande skattejakt i eit artig og inkluderande fellesskap. Alt som er til sals har svært trivelege prisar og er fine varer og klede som fortjener eit lengre liv, i nye hender. Dette er rette plassen for alle som vil gjere skikkeleg bra bruktkupp på klede, kuriosa, koppar og kar, praktiske og artige saker og ting av alle slag. For ekstra hygge har vi også sjølvsagt mini POPUP-kafe med heimebakst og kaffe desse dagane. 

Et rødt forsamlingshus i to etasjer.
Korsen grendahus.

Viktig å besøke kvarandre

Korsen grendahus ligg i Surnadal, sju km oppover dalføret frå Skei/Surnadal sentrum. Arrangørane tykkjer det er viktig at folk i ulike delar av kommunen og nabokommunane fortset å besøkje kvarandre, og inviterer derfor alle til å ta med seg vener eller familie på utflukt til oss i Korsen grendehus. Alle er varmt velkomne! 

Bruktmarkeda arrangeres onsdag 15. oktober på kveldstid, og laurdag 18. oktober på føremiddagen. 

Sjå eigen annonse for bruktmarkeda.

Ei lita ekstrahistorie i desse grendeskule-diskusjons-tider: 

Korsen grendehus er samlingspunktet for folket i grendene i gamle Honnstad skulekrets: Gulla, Mogstad og Krangnes på nordsida av elva, og Mauset, Honnstad, Sogge, Einmoen og Øyan på sørsida av elva - midt i dalen og tilhøyrande nedre Surnadal. Korsen grendehus står like sør for Korsen bru over Surna. Grendefolket flytta den nedlagde skulebygningen hit etter at ungane frå desse grendene vart samla ilag med resten av ungane i nedre Surnadal ved Øye skule. 

Powered by Labrador CMS