Trollheimstankar

Kjell Ulf Lund heime ved langbordet på Negard på Tellesbø.

– Eg ser deg aldri att, det veit eg vel

Hei, Kjell Ulf. Har du eit dikt eller ein tekst du vil dele med lesarane av Trollheimsporten?

Publisert Sist oppdatert

Det hadde vore ein lang dag. Ein gjeng med dugnadsfolk hadde teke kveld i ei stue på Vaulen. Stua hadde gamle tømmervegger, som vitna om ei anna tid, ei tid med mykje slit og fattigdom. Uoppfordra tok Iver Strandheim ordet, han las diktet "Flåttalia" utanboks, berre slik ein god formidlar får til å gjera.

– Det greip oss kjøle sterkt, fortel Kjell Ulf Lund. Orda traff oss i hjarta, og vi såg for oss tragedien som Hans fortel om.

Det var første gongen Kjell Ulf høyrde diktet.

Flåttalia

Diktet heiter Flåttalia, og er skrive av Hans Hyldbakk. Det fortel om ho Brit, som vart att åleine med åtte ungar da mannen hennar døydde i ei ulykke. Kvar Flåttalia ligg er det ingen som veit. Kanskje Hans blanda fleire historier og laga ein fiktiv plass. Uansett er det ei historie som skildrar ein skjebne og ei røynd som mange menneske vart råka av i bygda vår.

Diktet byrjar slik:

Eg møtte våren her ein stille kveld,
eg kom som kramkar øvst frå bygda farand.
Ein heimstad såg eg på ein vårgrøn hjell,
han gleim i siste kveldsolelden kvarand.
Og dåmtungt anga det av sol og vår
frå første groren eg fornam i år.


I kjellarvettu under morkna fjøs
slo livet alt sitt første kjenningsmerke,
og vårsoleia fjellsmørgul og ljøs
drakk atter saftene or kjelder sterke,
med staren kvitra i ein einsleg hegg
og priste våren ved den gamle vegg.

Eg vart så sommarglad og sæl til sinns,
men sorgsam attåt i dei såre minne.
Eg hugsa somrane i livsens krins,
som gleim i glansen frå ei gamal kvinne.
Ho ståka einsleg på den grøne hjell
og bar inn fellen sin så mang ein kveld.

Eit hardt liv

Vidare skildrar diktet eit stritt liv, det var dårleg med mat og mykje armod. Brit gjekk svolten til sengs, og natta var ofte somnlaus.

– Oldemor mi, ho Maret frå Fiskjaslia, var gjetar i Folldalen, fortel Kjell Ulf. Ho hadde ei historie om kor vanskeleg det var for folk på denne tida. Ho var gjetar saman med ein gut og ein vaksen kar. Karen var arbeidsufør og fekk seg difor ikkje vanleg arbeid, han måtte vera gjetar.

– Han var fæl til å fortelje bjønnahistorier og skremte dei to ungane, seier Kjell Ulf. Han sa at han kunne passa på dei så bjørnen ikkje kom og tok dei, men i betaling måtte han få nistepakkane deira. Dei torde ikkje anna enn å gje han maten sin, og såg at karen la nistene i skreppa si, han åt dei aldri.

Da laurdagskvelden kom og dei hadde fri, gjekk mannen ned i bygda med nistepakkane til ungane sine. Dei kunne vel kanskje vera både møglåt og harde kakskivene, men om ein er svolten nok så bryr ein vel seg ikkje om slikt.

– Eg dømmer han ikkje, seier Kjell Ulf. Han gjorde det av omsorg for ungane sine.

Kakskiv med sirup og mymaurpiss

Da Trollheimsporten besøkte Kjell Ulf, vart vi inviterte inn i gamalhuset på Negard. Det var her ho gifta seg oldemor til Kjell Ulf, Maret. Ho er nemnd i boka « Brev frå barndommen», som Hans Hyldbakk har skrive.

– Elleve år gamal kom Hans Hyldbakk hit som gjetargut, fortel Kjell Ulf. Det var ikkje berre lett for han, han sakna mor si og potetlabbane hennar.

Maten kunne det vera dårleg med for ein gjetargut den gongen, men ein kveld fekk han ei ekstra kakskiv med sirup på av Maret. Da hadde han vore ute å leita etter kyr til klokka var nesten tolv om kvelden.

Mang ein gong gjekk Hans gjekk både svolten og kald i skogen og gjeta. Iskrem var det ikkje å få , men gjekk dei forbi ei mymartuv kunne dei stikke ein pinne i tuva og få seg strålar av mymaurpiss. «Ein velsmakande drykk», skriv Hans.

Draumen om Amerika

Mannen hennar Brit i diktet, døydde ei vinternatt. Dei fann han under kjelken etter ein markatur.

– På Flåttalia hadde dei nok ikkje hest, fortel Kjell Ulf. Difor måtte han Sjur sela på seg sjølv og hente seg høy på vinterstid. Eg ser det for meg, skarre og ein kjelke med tungt høylass. Kanskje han snubla, fekk kjelken over seg, og vart klemt i hel.

Sjur var flåttakar, og ein av dei beste i Flaugå, står det i diktet. Det var slik dei overlevde oppi Flåttalia. Da Sjur døydde var livsgrunnlaget borte. Livet var beinhardt, og ein etter ein emigrerte ungane hennar Brit til Amerika. Til slutt var det berre den yngste sonen som ikkje hadde reist. Men det var «hardbeitt» for ein husmannsgut, og det vart for freistasamt å reise over den «blå myra» som Hans kallar det.

(....)

Det var ein vårdag med så vent eit ver,
det anga heggeull og grønt frå groren,
og elva tungsong på si lange ferd
frå Trollheimsfjella ned til breie fjorden.
Han sto panken sin og skulle gå,
ho sto ved sida hans så bøygd og grå.

«Eg ser deg aldri att, det veit eg vel.
Nei aldri møtes vi vel meir i verda.
Men Gud velsigne deg så du blir sæl,
og Herren fylgje deg på siste ferda.»
Han kjente handa hennar, varm og våt.
Det brast i henne ein så sår ein gråt.

Han måtte gå, ho stod einsleg att.
Og einsleg vart ho til den da'n ho døydde.
Ho stengd seg inne med sin minneskatt
og drogst med sitt og lite ått og øydde.
Ho ståka einsleg på den grønne hjell
og bar-inn fellen sin så mang ein kveld.

No susa våren over Noregs jord
med nye tonar kring dei gamle tufter,
og gløymd låg grefta hennar gamle mor,
og tom stod fellstonga i morkne klufter.
Men livet vitna med sin vårkveldssong
om betre somrar på vår jord ein gong.

Hans Hyldbakk

Lyrikar i stort format

Kjell Ulf blir blank i augo når han les diktet.

– Berre vent til ungane dine flyttar heimafrå, seier han og smiler. Di eldre du blir, di verre blir det. Ein blir meir følsam når ein blir eldre, ein har mista fleire som ein er glad i, og ein saknar så mange, seier Kjell Ulf.

– Kameraten min, Gudmund Husby, seier at ein må ha lese Flåttalia hundre gonger før ein får til å lesa det utan grautete mål. Tenk, der står ho Brit og seier farvel til den siste sonen sin, utan bitterheit. Ho seier ikkje «ver her». Ho ynskjer han berre lykke til, sjølv om ho veit at det er siste gong ho ser han, seier Kjell Ulf.

Kjell Ulf er veldig glad i forfattarskapet til Hans Hyldbakk.

– Han har så fin biletbruk at det er heilt vanvitig, seier Kjell Ulf. Han er så uttrykksfull og god til å skildre, og ein meister i bokstavrim. Han var ein lyrikar i stort format.

Kor er den grønne hjell?

Kva plass Hans Hyldbakk tenkte på da han skreiv Flåttalia, finn vi nok aldri ut av. Kor var han flåttakar han Sjur, men var det i Folldalen eller Vindøldalen? Kanskje det var på ein husmannsplass i Kvammen dei budde, eller kanskje på Røv? Det er kanskje ikkje så nøye.

Neste gong vi kjem til ein forlaten husmannsplass, kan vi stoppe og tenkje litt på ho Brit. Tenkje på kor hardt livet var for nokre generasjonar sidan, kor mange tårevåte avskjedar det var. Tenkje litt på ei lita usjølvisk kjerring med skaut og forkle, som bar inn fellen sin så mang ein kveld.

Du kan lese heile diktet i Hans Hyldbakk si bok «Vårsøg, dikt i samling».

Powered by Labrador CMS