barn med drakter og små pokaler, lagbilde
Rindal, Halsa og Surnadal: Velfortente premiar til Rindal, Halsa og Surnadal.

Ekte handballglede i Surnadal idrettshall

Laurdag inviterte Handballgruppa i Surnadal IL til handballturnering for miniklassane, det vil seie jenter og gutar fødd i 2017 og 18.

Publisert

Laurdag inviterte Handballgruppa i Surnadal IL til handballturnering for miniklassane, det vil seie jenter og gutar fødd i 2017 og 18.

Surnadal 1 mot Sunndal 1.

Femten lag frå dei fire klubbane Sunndal, Rindal, Halsa og Surnadal spela til saman tjuetre kampar under minicupen, der rundt nitti spelarar var i aksjon.

Sunndal 2 får velfortent pokalane for god innsats.

Her var det stor innsats og høg trivselsfaktor. Publikum bidrog med bjøller og heiarop, noko som bidrog til høg stemning under kampane.

Rindal 1 mot Halsa.

Cup er artig 

Surnadal mini 1, jenter og gutar fødd i 2018 tok til å trene i oktober i fjor. Dei deltok laurdag på sin første cup, og alle spelarane var godt nøgd med dagen. Dei var og samde om at dette definitivt ga meirsmak, og at dei ville vere med på fleire cupar.

Det er femten spelarar på laget, som laurdag stilte med tre lag. Det er fem jenter og 10 gutar kan Mari Ranes Eidsli, ei av trenarane fortelje. 

– Det er svært gledelig at så mange gutar er med, seier Malin Moe Sæter, som også er ei av trenarane for minilaget.

Surnadal mini 1 med trenarane Malin Moe Sæter, Berit Skralthaug og Mari Ranes Eidsli.

– På treningane har vi så langt fokusert på skritt, unngå å trampe på streken og prioritere at alle spelarane skal vere i kontakt med ballen.

– Dette er ein fin gjeng, og eg tykte vi fekk til mykje bra spel under kampane. Eg håper enda fleire får lyst til å vere med oss og spele handball, avsluttar Moe Sæter.

Ansiktsmåling og maskotar 

Surnadal Handball sine J13 og J15 lag bidrog med ansiktsmåling og maskotar. Ansiktsmåling var veldig populært kunne dei fire ansiktsmålarane fortelje. Dei mest populære motiva var hjarte og stjerner.

Det var populært med ansiktsmåling kunne dei fire ansiktsmålarane fortelje.

– Veldig positivt at jentene stiller opp og hjelper til under cupen, seier Malin Kvande Moen i arrangementskomiteen.

Tre damer i spissen 

Kristin Hamnes, Ingunn Brekke og Malin Kvande Moen har leia arbeidet i arrangementskomiteen for minicupen var godt nøgd med oppmøtet og entusiasmen under cupen laurdag.

Kristin Hamnes, Malin Kvande Moen og Ingunn Brekke var godt nøgd med cupen.

– Det er verkeleg artig å arrangere cup når både spelarane og publikum viser slik entusiasme, seier dei tre damene. Det verkar som alle kosar seg, både på og utanfor banen, konstaterer dei tre.

Rindal 2 og Sunndal 2 klare til kamp.

Dei rettar også ein stor takk til alle andre som stilte opp frivillig og var med på å arrangere cupen. 

– Utan den store dugnadsinnsatsen hadde det ikkje vore mogleg å arrangere cupen, konstaterer dei.

Surnadal 2 mot Rindal.

Handballminner

Av dei spelarane vi slo av ein prat med under cupen, så var alle samstemte om at dette var kjempeartig, og at dette definitivt ikkje var siste cupen dei hadde vore med på.

– Sjølv om det var handballen som stod i sentrum, så vart det tid både til litt anna balleik, gøymsel, sisten og andre leikar.

Surnadal 3 mot Sunndal.

Vi kan heilt klart konkludera med at minicupen vart ein suksess som heilt sikkert skapte menge nye fine handballminner.

 

 

Powered by Labrador CMS