Budsjettforslag for 2026 og økonomiplan for perioden 2026-2029.
Vårt hovudmål er styrking av rammevilkåra for næringslivet. Møre og Romsdal skal være eit vekstkraftig og verdiskapande fylke med fokus på økonomisk ansvarligheit. Våre kjerneoppgaver er innan utdanning og kompetansebygging, samferdsel, næring, utvikling og miljø, kultur, folkehelse og tannhelse, skriv FrP, Høgre, KrF og Venstre i ei pressemelding mandag.
Budsjettet legg opp til eit driftsresultat på over 4 prosent og ei styrking av disposisjonsfonda.
– Næringslivet i fylket er under press, og dette påverkar også skatteinntektene til både kommunane og fylkeskommunen. Difor er det heilt nødvendig å setje i gang prioriterte investeringsprosjekt, spesielt innan gang- og sykkelveg og vegutbygging, der prosjekttørken i regionen er aukande dei komande åra.
Vi understrekar at det ikkje er forsvarleg å gjennomføre kutt i ferjedrifta som vil ramme både næringsliv og pendlarar.
Hovudprioriteringar i budsjettforslaget:
- Vidaregåande
skule
- Auka midlar til
vegvedlikehald for å redusere talet på trafikkulykker
- Ingen ruteendringar i ferjedrifta, men innføring av auka
sommartakstar
- Oppstart av fleire gang -og sykkelvegprosjekt, med særleg vekt på rask framdrift i Årødalskrysset
- Realisering av FV 60 gjennom Hornindal,
byggesteg 1, med snarleg oppstart
- Vidare
arbeid med reguleringsplan og nødvendige prosessar for
Todalsfjordkryssinga - Stram
framdrift på kritiske bruer og tunnelsikringsprosjekt
- Vidareføring Hamnsundruta