Dyktige dugnads­arbeidarar på kavlvegen

Publisert Sist oppdatert

faceboosida til Kalvvegen kultursti kan vi lese om ein sterk og dyktig gjeng med elevar frå 10. trinn ved Surnadal barne- og ungdomsskule som bar mykje material utover myra på Eidet måndag denne veka - i regn.

– Ein slik skuledag er ein del av Frivillighetsveka, fortel lærarane Ove Magne Aasen og Bjørn Blakstad.

Fleire av desse elevane var også med og laga benkar til turstien i fjor.

Husasnotra skal bygge kavlveg vidare utover sommaren, og Surnadal kommune takkar for super dugnadsinnsats!

Robert frå Husasnotra er for tida åleine og bygger bru på Galtmettet, og seier han aldri har hatt finare arbeidsplass.
Etterpå vanka det vel fortent is som takk.

---

Powered by Labrador CMS