Vi inntek scena på Kleiva - og hauken er med

Alternativ tur: Turen gjekk til Røssmorunden og Kleiva

Publisert

På grunn av veret, vart turen til Blåfjellet avlyst i dag. Men 5 "hardhausar" trossa regn og skodde og la ut på ein alternativ tur.

Vi er " vasstette" så det gjekk bra! Vi gjekk den fine elvepromenaden, Røssmorunden, og enda til slutt oppå Kleiva.

Grunneigarane langs Surna har verkeleg lagt tilhøva godt til rette for både fiskarar og turgåarar! Her er både kvileplassar, fine gapahukar

og idyllisk og god sti langs elva.

Vi skulle akkurat til å ta matpause i den siste gapahuken, då eit lyst hovud foreslo at vi heller kunne gå oppå Kleiva og ta pausen der.

Og spreke som vi er - slik vart det!

Oppå diktarheimen til Hans Hyldbakk "inntok" vi scena og hadde det heilt topp med kaffekopp og vidt utsyn over bygda. Kven kunne ved oppstarten tru at det vart mogleg å sjå noko som helst gjennom skodde og regn i dag?

Det vart ein overlag fin og triveleg tur på oss fem! Og vi er samde om: "Det finst ikkje dårleg ver, berre dårlege klede"

Neste tysdag, 20. sept. prøvar vi igjen med tur til Blåfjellet ved Betna. Møt opp ved Øye kyrkje kl. 09. 30.

SJÅ BILLEDSERIE UNDER:

Forbi gapahuk
Svartelista men vakre kjempespringfrø
Idyll gjennom skogen
Start på Røssmorunden
Skeisgardane framom Kobbhaugen
Kvilebenk for trøytte bein
Under gammalt og vakkert tre
Vi inntek scena på Kleiva - hauken er med
Mellom elvebredd og åker
Opp mot Kleiva
Tenkepause - vi går vidare til Kleiva
Godt å vere på diktarheimen til Kleivakongen
Powered by Labrador CMS