Fjellgruppa i Surnadal pensjonistlag

Vardfjellet

Sesongavslutning

Siste tur før ferien for Fjellgruppa i Surnadal pensjonistlag gjekk i dag, 30. juni, til Vardfjellet. Vi starta opp frå Øygarden, øvst i Bøverdalen, i ca. 25 plussgrader og med skyfri himmel.

Publisert

Det vart ein roleg tur med fleire drikkepausar på oss alle 24. Terrenget var fint og lett å gå i.

På toppen, 659 m.o.h. var det eit vidstrakt syn over Trollheimen, Bøverdalsfjella og fjella mot aust og vest.

Opp frå Øygarden
Drikkepause med utsikt
Straks på toppen
Utsikt mot fjord og fjell
Varden med Skarvhatten, Skjortfjellhalsen og Dyrhalsen bak
Nedturen går lett
Siste pause før nede ved Øygarden
Engsoleie under Brattsetfjellet

Under matpausen på Vardfjelltoppen fekk vi nyte synet av ei rypemor med kjuklingar like nedafor oss.

Heldig for oss at det i den intense varmen vart ein behageleg bris i oppå fjellet!

Nede att ved Øygarden takka vi for trivelege turar i lag, og vi vart samde om at vi startar opp att først i august.

GOD SOMMAR!

Powered by Labrador CMS