Pensjonistforbundet Surnadal

Ei gruppe turgåere oppstilt for fotografering,
Alle 21 ved Fjelldalsgamma.

Fjellgruppa til Lomtjønna på Mellingfjellet

Publisert

Fjellgruppa starta turen tirsdag ved eit lite skilt ved Østbødalsvegen på Holtahalsen. Derifrå etter stien til Mellingfjellet gjennom skogsterreng forbi restar etter sommarfjøs og med kryssande stiar som hjortevilt gjer sitt beste for å bevare. Oppe ved Ljøstrinn flata det ut innover mot Lomtjønna og det vart utsikt til fjell, fjord og dalar. Etter ein liten pust etter motbakkane bar det ned til Fjelldalsgamma/Malibu, som Anders og Einar Melling sette opp først på 2000-talet. Der vart det inntak av niste før vi gikk skogsvegen ned til Østbødalsvegen ved Mellinggjerdet og attende til Holtahalsen.

Ei gruppe turgåere som står og prater i skogen.
Tufter etter tre Holta -sommarfjøs her.
Ei gruppe turgåere som hviler i en bakke.
Kvil i bratta. Middagsbekken (Nonsbekken) i bakgrunnen.
Tre turgåere og en hund på fjellet.
På Mellingfjellet med godt utsyn over bygda.
Et tjern på ei myr.
Idyll ved Lomtjønna.
Mange turgåere i spredte grupper på fjellet.
Turen ned fra Mellingfjellet.
Turgåere ved ei hytte/gamme i skogen.
Ved Fjelldalsgamma (Malibu).
Mange turgåere som sitter ved et rasteplassbord og spiser.
Til bords ved Fjelldalsgamma.
Ei dame i døra på ei steinhytte/gamme i skogen.
Takkar Lars Gudmund for guiding til Mellinggfjellet og Fjelldalsgamma.
Turskilt ved en vei.
.Turen starta og slutta på Holtahalsen.

-

Powered by Labrador CMS