Husflid og tradisjon
Dusinet fullt med utstillarar og bra med publikum samlast om husflid og tradisjon på museet i Bøfjorden søndag.
Kreativiteten rundt i bygdene er stor! Borda bugna av flittige henders strikkavarer, barneklede og andre tekstilprodukt frå Magnhild Bøe, Kari Bøklepp, Gunnvor Bøe, Grete Jonli, Gunn Signe Aarnes, Elin Bøklepp og Torill Isvik. Sistnemnte laga også flammaband. Og Randi Lysø instruerte i nettopp kunsten med flamming. Ein flott løpar ho hadde vove med sjølfarga tråd skjenkte ho like godt til sesongutlodinga på museet.
Biletkunst og fargerik resin
Gjertrud Heggem var både kafevert og huskunstnar. Eit utvalg av hennar varierte biletproduksjon fryda auget: Små landskapsakvarellar og større måleri, der ho leikar med motiv i bygg og arkitektur.
Jeanett Gravvold sine meisterlege små beger, skåler og fat av såkalla resin-masse i flotte fargar var for mange eit møte med ny hobbykunst.
Heimelaga, velluktande såpe var også å få kjøpt. Og Randi Bøe sin ripsgele var utselt på eit blunk.
Mange kjøpte julegåver denne søndagen. Mykje fint blir å finne under treet.
Skotthyll og «hardbust»
Nokre få barn møtte opp. Regnet gjorde det for guffent å «vippe jeppe», så museet nøydde seg med å presentere reglane – som det forresten er titals versjonar av.
Derimot kom både skotthyll og pilbørse i bruk. Skotthyll kan gjerast billeg og enkelt. Kanskje tid for gjeninnføring av ein flott leik? Vesle Einar vann med fleire gode kast.
Pilbørsa var av middelaldertypen armbrøst, som bøfjordingane (sikkert på grunn av det harde spennet i buen) kallar «hardbust». Her måtte trygge vaksne hjelpe til, men jamen gjorde pilen mange gode treff. Dagens vinnar vart Syver – med 22 poeng på tre skot.
Inne gjekk praten livleg langs utstilingane. Like eins over kaffen, der det også var tradisjon - med bøfjordgraut av beste merke på bakelsa! Og mange bladde ivrig i Bernt Bøe sine utklippsbøker med glimt frå lokalsamfunnet gjennom fleire tiår. Hyggeleg gjenkjenning – sjølv om mykje er forandra sia 1980-talet.