Bøfjordhelga

En man i idrettslagsdrakt som løper over ei gressslette.
Olav Fugelsøy mot mål.

Juniorane raskast over Blåfjellet

Som ein del av programmet under Bøfjordhelga, arrangerte Bøfjord IL og Halsa IL det tradisjonsrike terrengløpet Blåfjelløpet. Løypa gjekk som vanleg frå Dragset i Bøfjorden og over til nabokommunen Heim med målgang på Halsa stadion, ein distanse på godt over ti kilometer.

Publisert

Årets utgåve vart arrangert i stålande vêr med nære på tropetemperatur og sol frå ein skyfri himmel. Godvêret gjorde at løypa var tørr og fin, og det vart ein skikkeleg varm tur for deltakarane på den store mila over fjellet. 

– Tørr og fin trase, men litt for varmt, sa vinnar Olav Fugelsøy etter løpet.

Løpet hadde også i år både trimklasse og konkurranseklasse, der trimklassen starta frå klokka 10, medan konkurranseklassen hadde start klokka 12.

Ei dame i drettslagsdrakt som løper over ei gresslette.
Bente Jeanette Foss første dame i mål

Raskaste deltakar over fjellet vart altså junioren Olav Fugelsøy, som representerer Rindal IL . Han vart dermed vinnar av juniorklassen, framfor Håkon Bøklep, også han Rindal IL. Bente Jeanette Foss frå NTNU vart raskaste kvinne over fjellet.

Fullstendig resultatliste kan ein sjå på https://live.eqtiming.com/76458#dashboard

Startfeltet i et løp.
Starten går.

I trimklassen var det totalt 19 deltakarar, medan konkurranseklassen hadde 21 deltakarar, noko arrangørane frå dei to idrettslaga var godt nøgde med, sett i ly av varmen.

 

Powered by Labrador CMS