8. mai i Rindal
Frigjeringsdag og veterandag
Rindal kommune markerte 8. mai med å invitere veteranar frå FN og NATOs operasjonar til sosialt treff på Rindal Eldresenter. Der var det helsing frå ordføraren, bildeforedrag frå Libanon og god tid til samtale.
Ordføraren helsa veteranane
8. mai er den dagen som vi feirer som frigjeringsdagen vår i 1945. men det er også den dagen vi heidrar alle veteranar helt frå 2. verdskrig fram til dagens internasjonale operasjonar.
Vi lever i ei uroleg verd og kan ikkje ta den freden vi har for gitt. Uroa gjer at vi må vere vakne. Forsvaret er viktigare både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
Eit gjensidig samarbeid er viktig for å forebygge konflikter og å bevare freden.Norge har teke ansvar og titusener av nordmenn har vore deltakarar i internasjonale operasjonar.
- Dokk som er her i dag har vore villige til å stille opp når det har vore behov for det, ofte langt heimafrå, sa ordfører Mildrid Kattem Aune. Ho hylla veteranane som hadde teke på seg slike oppgaver.
- Innsatsen dokkar har lagt ned fortener vår djupaste respekt og vår oppriktige takk, sa ordføraren.
Lokalt berømma ho veteranforeninga for det den har gjort for samhaldet mellom medlemmene og at dei viser seg for bygda ved å delta i 17. maifeiringa.
- Det sett eit sterkt og meiningsfullt preg på nasjonaldagen her i Rindal.
- Det er ei stor ære å få markere denne dagen sammen med dokk, avslutta ordførren.
.
Sjåfør i Libanon
Sindre Romundstad har vore ute i ca. 32 månader og er, som sjåfør, lommekjent i Beirut. Utan kart og GPS var løysinga å lære byen å kjenne på eiga hand.
Sindre har vore ein ivrig fotograf, og han tok oss med på ei innhaldsrik reise i Beirut og elles i Libanon, eit land som grovt sett er 20 mil frå nord til sør og 4 mil breidt.
Han tok førstegongstenesta i Kløvkompaniet og opplevde øving til 17.mai-tog med 8 heste-spanns dilligense. For Sindre vart det ikkje hest som vart transportmidlet. Det var som sjåfør han fekk gjere teneste i Libanon.
Under bildeturen Sindre Romundstad tok oss med på, fekk vi høyre både frå historia og notida i Libanon, men mest frå den tida han køyrde rundt med offiserar og gjestar i det året han var i Beirut.
Vi fekk sjå kjempestore sedertre, og vi fekk høre om skitrekk og opp mot 5 meter høge brøytekantar ein halvtimes kjøring frå badestrender ved Middelhavet. Eit land med ei lang historie, krigar, ruinar og gjenoppbyggingar.
Sindre har sterke minne frå Libanon. Det merka vi mest da han viste bilde frå 30-årsdagen med flott bursdagskake og gode venner.
Veteranforeninga
Veteranane i Rindal er organisert og møtes ofte. Bård Inge Romundstad er ledar for gruppa, og han orienterte om arbeidet og planar framover. Vi andre kan truleg møte dei i 17. mai-toget, like eins som i fjor.
.