Messer for lyset
Tradisjon og fornying går hand i hand når kyrkja feirar lysmesse. I Todalen, Åsskard og Mo er konfirmantane aktørar denne veka. Prost Vidar Rygh er arkitekten bak eit opplegg som flettar nye element inn i det vante. Konfirmantane i Surnadal er delte i grupper som utfører nesten all liturgien.
Lyset som symbol
I Rygh sin regi dannar konfirmantane eit stort lyskors. Dette er det sentrale mottoet i salmesongen og i dei bibelske profetiane som blir lesne.
Søndag kveld var det godt oppmøte i Todalskyrkja. Onsdag og torsdag er det lysmesser i Åsskard og Mo kyrkjer. Der deltek også Tingvoll-kateketen Odd Erik Stendahl.
Dans og preikedialog
Liturgisk dans er eitt av dei nye momenta. Og preika har form av samtale mellom to konfirmantar - om tankar som mange er opptekne av i vår tid. Konfirmantgruppa dannar også eige kor.
Bibelutdeling i Åsskard
I Åsskard onsdag kveld får 10-åringane kvar sin bibel i gåve frå kyrkjelyden. Denne er og i moderne utgåve - den barnevennlege Teikneseriebibelen som forlaget IKO (Institutt for kristen oppseding) har gjeve ut.
Etter programslutt er det enkel servering.
ANNONSE: