Juledag i Øye

To menn og en kvinne med hvert sitt blåseinstrument.
Trioen Eli, Sigfred og Bjørn «blæser af Taarnene» før gudstenesta og deltek i nokre av salmane inne i kyrkja.

Fornying og tradisjon

Årets juledagsmesse i Øye kyrkje byr på fornying og tradisjon, med tonar frå tårnet og både ung og gammal song.

Publisert Sist oppdatert

Når folk «fra fjord og fjære, fra fjell og dype dal» kjem til hovudkyrkja si denne høgtidsdagen, blir kanskje salig Landstad teken på ordet: «Fra Kirketaarne I, Fryds Basuner, støt! For Guds Enbaarne, som er i dag os født».

«At blæse af Taarnene»

Ein messingtrio har nemleg tenkt å stå i tårnluka og «blåse liv» i den eldgamle høgtidstradisjonen «at blæse af Taarnene» nokre minutt før gudstenesta tek til. Dermed tek dei også opp att tonen frå Blåsekvartetten ved Øye kyrkje, som kantor Gunnar Vik leia i si tid.

Årets trio – Eli Berg, Sigfred Gravvold og Bjørn Stomsvik – vil også spela til nokre av salmane inne i kyrkja. Der deltek elles ein juleferierande Hans Olav Settem med eit eige fornyande soloinnslag etter preika.

Julverset frå Åsbøen

Høgtidssalmen denne gong er både kortreist og tradisjonsrik: Karen Oddny Husby Gravvold syng julverset «Et lidet Barn saa lysteligt» i tradisjon og med folketone frå heimegarden sin – Åsbøen. Denne perla frå folketoneskatt og salmekultur var (i hopetals variantar) fast del av gudstenesta «fra Hellige Tre Jule-Dage og til Kyndelsmisse» (2. februar) i gamle dagar.

En kvinne synger foran et juletre i kirka
Som ein av få tradisjonsberarar i vår tid vil Karen Oddny Husby Gravvold synge «Julverset» - på gammelmåten, slik det alltid har vore bruka heime på Åsbøen.

Credo frå oldkyrkja

Prost Vidar Rygh, som leier høgtidsmessa, er også bevisst på å knyte tidslinjer mellom fornying og tradisjon. – Det bør skinne igjennom at dette er ei høgtidsgudsteneste med særpreg, seier han. - Slik vil lovsongsleddet Gloria bli utvida som vekselsong, og den gamle, nikenske truvedkjenninga blir sungen til ein melodi frå oldkyrkja.

Messingtrioen fortel at så sant temperaturen tillet det, blir salmar å høre frå tårnet i to-tre avdelingar medan folket kjem opp kyrkjebakken.

Powered by Labrador CMS