Frå gudstenesta i Rindalskyrkja

Barmhjertigheit og Nåde i dag og på Jesu tid
Bibelteksta Lene prest preika over denne søndagen handla om korleis Jesus helbreda ei kvinne på sabbaten, noko som førte til kritikk frå synagogeforstandaren. Samtidig trekte Lene parallellar til dagens samfunn og ein amerikansk biskops kamp for barmhjertigheit og nåde. Du kan lese heile preika nedafor!

Jesus lækjer ei kvinne på sabbaten
Ein sabbat underviste han i ein av synagogane. Der var det ei kvinne som hadde vore plaga av ei sjukdomsånd i atten år. Ho gjekk krokryggja og kunne ikkje retta seg opp.
Då Jesus fekk sjå henne, kalla han henne til seg og sa: «Kvinne, du er løyst frå sjukdomen din.» Han la hendene på henne, og med ein gong rette ho seg opp og lova Gud.
Men synagogeforstandaren vart forarga fordi Jesus lækte på sabbaten, og han sa til dei som var samla: «Det er seks dagar til å arbeida på. Då kan de koma og la dykk lækja, men ikkje på sabbaten.»
«Hyklarar», svara Herren. «Løyser ikkje kvar ein av dykk oksen eller eselet av båsen på sabbaten og leier dei ut så dei får drikka? Men her er ei Abrahams dotter som Satan har halde bunden i heile atten år, skulle ikkje ho kunna løysast av det bandet på ein sabbat?»
Då han sa dette, måtte dei skjemmast, alle motstandarane hans. Men alle dei som var samla, gledde seg over alt det underfulle han gjorde.
Slik lyder det heilage evangeliet.
Ei dame har imponert meg denne veka: Mariann Edgar Budde. Faktisk er ho den fyrste amerikanske biskopen som så langt ikkje har gått under min radar.
Dama er lita og spinkel. Men stemmen er kraftig nok til å ergre og irritere han som går for å vera ein av dei mest mektige i verda og i alle fall den mest mektige i Amerika – muligens nest etter han med Tesla-aksjane. Han glefsar tilbake på alle vis med personangrep som heng svært dårleg på greip og som er lite å bry seg om.
Kva er det så som får henne over radaren, om ikkje dette norske biskopar kallar profetisk stemme – jfr. NRK si heimeside.
Denne dama har lese og reflektert, ho har autoritet og ho har mot og ho veit noko om kva eit menneskeliv er verd. Forkynt for oss alle frå talestolen i Washington der ho plutseleg nådde oss innanfor dei ytre øyregangane.
Ho nådde oss alle med desse som er redde og marginaliserte. Med dei som har såkalla feil legning. Med dei som ikkje har alle formalitetar i orden, men er meir enn gode nok til å ta seg av lågstatus-jobbane som ho ramsar opp at finst både i fjøs og slakteri, som tek oppvasken på restaurantar og nattevakter på sjukehusa.
Biskop Mariann Edgar Budde løfter redde enkeltmenneske og marginaliserte menneskegrupper opp og ber om noko så enkelt som barmhjertigheit og nåde.
Skulle det ikkje vore sjølvsagt.
Skulle me ikkje vore komne lengre no enn kva som var tilfelle då Jesus gjekk her på jorda og trossa alle lovar og reglar som seier sitt om at arbeidet høyrer kvardagen til. Nei, dette er i 2025.
Våga nokon seg til å seie at menneskeheita er kome langt, liksom?
Den modige biskopen ber om barmhjertigheit og nåde for dei som er redde.
Så får det vera opp til den Ånden som måtte ta jobben med å møyrbanke det me fekk av sjel å få folk flest og oss sjølve til å sjå det: Det kan vera me er fleire som er redde. Det kan vera me er fleire som treng barmhjertigheit. Det kan vera me er fleire som treng nåde.
Alle hierarki fungerer på same måte: Den som er øverst har mest makt over dei som på ein eller annan måte har posisjon under. Me ser det ikkje berre i møteromma, men også andre plassar folk møtest. Nokon blir høyrt, mens andre høyrer. Nokon blir sett, mens andre ser – eller ser ned. Nokon er det viktig å halde seg inne med, mens andre gjerne må skyvast ut og bort. Det er folk til alt.
Og no finst det ein biskop som tryglar om nåde og barmhjertigheit for dei marginaliserte og redde.
Kanskje var det akkurat dette me trengte, me også. Barmhjertigheit og nåde ifrå han som mest av alt evnar å gje oss dette.
Kvinna som hadde gått krumbøygd i 18 år fekk plutseleg rette seg opp, sabbat og arbeidsforbod til tross. Dei kritiske røystene vart imøtegått med henvisning til dyrevelferden som var mykje betre ivaretatt enn menneskeverdet.
Me merkar oss at dei som kritiserte måtte skjemmast. Og eg seier det berre: Skammen skal aldri kunne klore seg fast i nokon av dei som kjempar for at nåde og barmhjertigheit skal ha gode vekstvilkår i samfunnet.
Og har me nådd så langt at me har erkjent at me sjølve treng hjelp til å rette oss opp, at me treng barmhjertigheit og at me treng nåde – så får det våge seg om det finst folk til å plassere oss nederst ved bordet.
Det får våge seg om me blir marginalisert eller frose ut frå selskap som kan synast gode. Same kan det vera.
For faktisk er saligheita av ein langt større betydning enn makta.
Lat oss aldri bli trøytte av å gjera det gode.
Lat oss aldri gløyme kor avhengig me sjølve er av det gode. Også i form av brød og vin, gjeve oss til forlating for syndene. Ingen som kjem til Herrens bord har grunn til noko anna enn å rette ryggen når dei går derifrå.
Ære være Faderen og Sonen og Den Heilage Ande som var, er og vera skal èin sann Gud frå æve og til æve. Amen.
