En mann på talerstolen i et møte.
Pål Ranes la fram saka for kommunestyret.

Kommunestyret utsette val av konsept for helsehus 

Torsdag hadde kommunestyret i Surnadal møte, med ei svært stor og viktig sak på sakslista: konseptvalutredning og val av konsept for Surnadal helsehus 2030. 

Publisert

Val av konsept for helsehus er ei stor avgjerd, den største investeringa i kroner og øre for Surnadal kommune nokon gong. Fem ulike alternativ var skissert i saksframlegget. Det vart mykje debatt om saka, og enda eit nytt alternativ, eller ein ny variant av eit alternativ, kom opp.

Kommunedirektøren sin innstilling i saka var slik:

Kommunestyret støttar vurderinga gjort i konseptvalsutredninga (KVU) og tilrår at ein går vidare med planlegging av alternativ 3 (A3).

Dimensjon og Aske, som har laga KVU-rapporten har innstilt på A3. Arbeidsgruppa og dei 13 brukargruppene har kvalitetssikra innhaldet i KVU-rapporten, og innstilt på A3. Eldrerådet meiner A3 er det beste alternativet, og plan og byggenemnda har samrøystes gått for A3. 

Treng 96 plassar til år 2035

Saka vart lagt fram av Pål Ranes, som er digitaliseringsansvarleg og prosjekt- og prosessledar for helsehuset.

Null-alternativet, Alternativ 1 (A1), Alternativ 2 (A2) og Alternativ 3 (A3) og Alternativ pluss (A+) er alle kostnadsberekna ut frå at det skal bli 96 plassar, som statistikken viser at det blir behov for i 2035. Dette er likt for alle konsepta.

A1, A2 og A3 inneber riving av BOA, den eldste delen av sjukeheimen. Det er behov for ei helsehus som kan samle kompetanse og arbeidskraft, og som kan vere funksjonelt, kompakt, og med korte avstandar. Med tanke på dette er A3 og A+ best. Med effektiviseringa og optimaliseringa i desse to alternativa kan ein spare kostnadar til bemanning. 

A3 går ut på å bygge eitt nytt stort bygg på tomta denne tomta, med sokkel/kjellar og to etasjar over. Det skal ikkje ruve høgare enn det bygget som står der i dag, sa Ranes. Dette bygget skal dekkje behova til år 2035. I A3 ligg det i tillegg inne ei skisse til eit bygg som kan byggast seinare, for å dekkje eit evt. auka behov til år 2050, men dette bygget er ikkje medrekna i kalkylen.

A+ går ut på å først berre rive einebustadane bak bygget der heimetenesta held til, og sette opp ei nytt stort bygg på den tomta. Alle dei andre bygga får stå i byggeprosessen. Dette nye bygget blir på minst tre etasjar pluss sokkel, på skråtomt. Det vil bli eit ruvande bygg, men her får ein alt i eitt bygg, med korte avstandar mellom avdelingane. Dette er ein fordel med tanke på ressursbruk i drifta. Når dette bygget står ferdig kan ein rive det som er hensiktsmessig av dei eldre bygga. Riving av bygningsmassen som blir overflødig er kostnadsberekna til 10 millionar kroner.

Byggekostnadane ved val av A+ er beregna ca 40 - 50 millionar høgare enn for A3, justert for momsrefusjon og husbanktilskot. De utgjer ca. 1 million meir i året i eit 40-årsperspektiv.

Det vart opna for debatt. Mange av kommunestyrerepresentantane tok ordet i saka, og det vart ein del diskusjon.

Lanserte nytt alternativ: A++

Silje Beate Holten (Sp) er leiar i plan- og byggenemnda. Ho la først fram plan- og byggenemnda si innstilling på A3, men ho fortalte óg at ho sjølv har tenkt meir etter dette, og no heller ho meir mot ei anna løysing. Ho kalla den nye løysinga for A++. Det betyr å bygge som skissert i A+, men å ikkje rive all den eldre bygningsmassen. Ho sa at ho ønsker å behalde Langtids 1 og 2, og Kåret, og kanskje bygge om desse til omsorgsbustadar eller bufellesskap, som kan leiast ut til eldre. Slik kan ein gi tilbod til fleire, ikkje berre dei som er på steg 7, men óg leger nede i omsorgstrappa, sa ho. Det å få enda fleire omsorgsbustadar i same område kan og gi ei effektivisering for heimesjukepleien, meinte ho.

Nils Petter Tonning (Frp) påpeika at kommunen ikkje får tilskot til ombygging av eldre bygningsmasse til omsorgsbustader, så her vil han avvente berekning av kva slike omsorgsbustader vil koste før han eventuelt går inn for det. Enn så lenge held han seg på A3, i tråd med plan- og byggenemnda sitt vedtak.

Mange meiningar

Fleire representantar tok ordet. Nokre ønska A3, nokre ønska A+, og nokre støtta det nye A++. Det kom fram fleire argument for dei ulike løysingane. Mellom anna vart det sagt at: 

- Bygget som er skissert i A+ er ein stor koloss av eit bygg, som skal plasserast på ei lite egna tomt.
- Dersom dei eldre bygga ikkje skal rivast, så blir det store vedlikehaldskostnadar på dei.
- Det er liten forskjell i byggekostnadane på A3 og A+.
- Det er sannsynleg at det kjem fleire slike store bygg i sentrum etter kvart.
- Verda går i ei retning der vi skal prøve å bruke mindre, ombruke meir og resirkulere. Vi skal ta mindre natur og gjere mindre inngrep. Det å rive alt, inkludert fullt brukbar bygningsmasse, for å sette opp noko heilt nytt, blir da heilt bakvendt og heilt feil veg å gå.
- A3 er bedre enn A+ i et bærekraftperspektiv.

Forslag om utsetting

Trond Håskjold (H) tok ordet og påpeika at økonomien i A++ ikkje er utreda, og at dersom forsamlinga bevega seg i retning av dette nye alternativet, så hadde han eit sterkt ønske om å be om å få saka utsett.

En mann på talerstolen i et møte.
Trond Håskjold fremma eit utsettningsforslag.

Seinare i debatten sa Håskjold at det var uaktuelt for å han å vere med på å rive dei nyaste langtidspostane og demensavdelinga. Han sa óg at han ikkje ønsker at denne saka skal avgjerast med eit knapt fleirtal, og at det óg er unødvendig at det skal ende slik.

– Vi har god tid, for vi har ikkje råd enda. Og av den grunn kan vi gi oss tid til å utsette dette, sa han, og la fram dette forslaget:

"Saka utsettes. Tomtevalg og byggehøgde må utredes videre for A+. Og nye ideer rundt et alternativt plussforslag må utredes."

I avstemminga stemte 17 for utsetting, 10 mot. Saka vart utsett.

Sjå heile debatten på Kommune-TV

Bakgrunn for saka, nær ordrett frå saksframlegget:

Våren 2023 vart Dimensjon AS tildelt oppdraget som ekstern prosjektleiar  inn mot byggeprosessen av nytt helsehus. Dimensjon AS har eit tett samarbeid med firmaet ASKE prosjektutvikling, og dei har til saman den kompetansen som kommunen hadde etterspurt. 

Som prosjektleiar skal Dimensjon AS bistå kommunen med å skaffe ekstern fagkompetanse inn i prosjektet, og forprosjektfasen skal munne ut i eit løysingsforslag, der det går fram korleis dei ulike funksjonane og tenestane er tenkt organisert og korleis bygget skal utformast. Det skal og utarbeidast ein plan for vidare framdrift og milepælar i prosjektet.

Surnadal kommune har, som ein del av prosjektet, bedt om ei konseptvalutredning (KVU) av løysing for framtidig helsehus på Bårdshaugområdet. Dette for å få oversikt over totalbehovet og grunnlag for planlegging og dimensjonering. Det er forventa ei auke i talet på eldre fram mot 2035. Kapasitetsaukande investeringar i heildøgns institusjonsplassar er derfor nødvendig. 

KVU’en skal vurdere fordelar og ulemper med ulike løysingar (konsept). Konseptvalutredninga vil vere ein del av beslutningsgrunnlaget for val av konsept og vidare faser med prosjektering og gjennomføring.

Arbeidet har blitt gjort gjennom ei bestilling og eit mandat frå kommunestyret og eit vedtak datert 05.02.2020. Det har sidan juni 2023 vore gjennomført kartleggingar og brukarmøte for å beskrive nosituasjon og synleggjere framtidige behov. 

Kommunen har involvert alle interessenter i prosjektet, og på bakgrunn av dette utleda eit kommunemål med tilhøyrande effektmål. Det vart den 25. januar 2024 gjennomført ein workshop i kommunestyret, der kommunestyrerepresentantane fekk gje sine innspel. Alt dette er no gjennomarbeidd og samenfatta i ei konseptvalsutredning. 

Alle konsepta som er beskrive i rapporten har ei rekke krav og evalueringskriterier basert på kartleggingar som er gjort. Evalueringskriteria har så blitt brukt til å vurdere kor godt dei ulike konsepta svarar ut desse. Desse kriteria har så blitt kvalitetssikra av ulike brukargrupper (berørte fagområde) i kommunen. Basert på dette har kommunedirektøren vurdert alternativ 3 som det alternativet som best fyller dei krav og kriterium som er grundig beskreve og forklart i KVU.

I den fasen planleggingsarbeidet er inne i no, må ein få avklart kva for alternativ ein skal gå vidare med og detaljplanlegge nærare. I framdriftsplana er det forutsatt politisk aksept av eit av forslaga, lagt opp til utarbeiding av rom- og funksjonsprogram fram mot og over sommaren, utsending av prekvalifisering i slutten av september og utsending av konkurransen før jul. 

Konsepta som er utarbeidd omfattar mange tenester og område. Det er likevel slik at ikkje alle område innafor helse- og omsorgstenestene vil få plass i det nye Helsehuset. Mange av brukarane innafor bu- og aktivitetstenesta har eigne boligar og oppfølging i bolig etter behov. Frå tenesta er det tydeleg varsla at det er ønskjeleg å samle boligane og tenestene meir enn det som er gjort i dag, men det må gjerast i ein eigen planleggingsprosess. Det er frå tenesta ønskjeleg å få til dette på Sommarro-området, i nærleiken av aktivitetshuset. 

Dei siste par åra har det og vorte eit auka behov for barneavlastning. Dette er heller ikkje teke inn i framlagt KVU. Familiens hus ligg lokalisert i samme bygg som IK Barnevern og PPT. Den gongen dette vart samla i eit hus var det nettopp med tanke på å få til eit godt samarbeid mellom tenester som samarbeider mykje i det daglege. Det er tenkt at Familiens hus skal bestå, men at det kan vere vurderingar om enkelte tenester bør organiserast på ein annan måte. 

Boligar og tenester til brukarar med utfordringar innan rus-/ psykisk helse er og eit tema som har vore drøfta. Det er sett av eigne midlar i økonomiplana for å bygge boligar til denne gruppa, og dette er eit tema som ikkje er teke inn i KVU. Behovet for denne gruppa ser ut til å vere aukande, og noko ein må finne gode løysingar på. 

Ut over dette vil framtidig tilbod innanfor helse og omsorgstenestene vere avhengig av det samla tilbodet for tilrettelagte boligar i kommunen. KVU har lagt opp til ein dekningsgrad på 15% for dei over 80 år når det gjeld heildøgns pleie og omsorg, men det vil sjølvsagt vere behov for tilrettelagte boligar ut over dette. Tilrettelegging for dette må skje i samarbeid med private aktørar og den enkelte innbyggar må ta eit større ansvar når det gjeld tilrettelegging av eigen bolig.

Konseptvalsutreninga inneheld vurdering av 5 ulike alternativ, som er målt opp i mot dei måla og krava som er sett. Investeringskostnaden er berekna i området frå kr. 500 mill opp til 800 mill for dei ulike alternativa. Grunnlagstala er for nybygg, men er justert der gjenbruk av bygningsmasse er aktuelt. Bearbeiding av uteareal/trafikkareal er tatt med – for alternativ 0 er det berekna for 4 mål, for dei andre alternative 10 mål. Den faktiske kostnaden med investeringa for dei ulike alternativa blir imidlertid ikkje så stor, når ein tek omsyn til tilskot frå husbanken til institusjonsplassar, omsorgsboligar og dagsenter. I val av alternativ vil det derfor vere sentralt å velje det alternativet som på best mogleg måte svarar opp behova for funksjonelle og feksible rom og areal for å få til ei god og effektiv drift. 

Frå rapporten: «De to alternativene som klart best svarer opp kommunens behov for å samle kompetanse og arbeidskraft i et framtidsrettet, funksjonelt og kompakt helsehus med korte bevegelseslinjer og kvalitativt gode bogrupper, ansattearealer, fellesområder og spesialrom, er alternativ A3 og A+ På de ikke prissatte kriteriene så skårer alternativ A+ bedre enn A3, men noe dårligere på prissatte kriterier som LCC og lånebehov. I denne vurderingen er ikke kriteriet som omhandler effektive driftsmodeller K14 prissatt da det er vanskelig å tallfeste/sannsynliggjøre kostnadene med stor sikkerhet før blant annet bemanningsmodell er fastsatt. Det må likevel antas at dersom man får et nytt bygg som på alle vis kan understøtte ønsker, krav og behov for optimalisering av rom og funksjoner, så vil det kunne resultere i og bidra til at man kan utføre arbeidsoppgaver mer effektivt med færre ansatte. Et forsiktig anslag tilsier at dersom man kan redusere antall årsverk fra 200 med 10 %, så tilsvarer det mellom 15-20 MNOK per år i sparte bemanningskostnader for kommunen. Dersom man tillegger også dette vekt i vurderingen, så er vår anbefaling at kommunen velger alternativ 3. Plussalternativet vil gi bedre løsninger i et faglig perspektiv, men alternativet blir krevende å realisere økonomisk og slår uheldig ut i et klimaperspektiv.» 

Kostnader for eventuelle midlertidige lokale og kostnader til flytting eller laust inventar er ikkje tatt med. Det er lagt til grunn lønns- og prisstigning på 9% for tre år fram i tid. Dette talet er det knytta svært stor usikkerheit til. Kalkylane er gjort for dei ulike utbyggingsalternativa, men forslag til ny organisering og endring i bemanning er gjort på eit overordna nivå.

I gjeldande økonomiplan er det lagt inn finansiering tilsvarande 250 mill, så avstanden mellom avsette midlar og berekna kostnader er stort. Kr. 250 mill var sett ut i frå tal i mulighetsstudie, og det er nokre år sidan. At prosjektet uansett val av alternativ blir mykje dyrare er slik sett å forvente. 

Til slutt i saksframlegget skriv kommunedirektøren:

"Spørsmålet blir til slutt om Surnadal kommune har økonomiske ressursar nok til å gjere eit slik stort løft, eller ikkje. Eit sentralt spørsmål er og om vi har råd til å la vere. Dagens drift krev mykje bemanning og målet må vere at vi kan redusere behovet for ny bemanning i framtida, evt. redusere, i høve alternativet ved å ikkje gjere noko."

Trollheimsporten kjem med meir frå kommunestyremøtet seinare, men ein kan sjå heile møtet i opptak på Kommune-TV.

Powered by Labrador CMS