ANNONSE:

Ein trelagt gangssti.
Kavlvegen.

Opning av Stikk UT!-sesongen i Surnadal

Og det blir markert ved kvilebua på Kavlvegen kultursti onsdag 1. mai kl. 12–15.

Kjem du i det tidsrommet, vil du få påspandert enkel servering, som bakels, kaffe, saft og frukt.

Og som ein liten bonus: Møter du opp på markeringa 1. mai, vil du bli med på trekking om nokre enkle Stikk UT!-effektar.

Kavlvegen er ein av fire nye turmål denne sesongen. Dei som er tilgjengelege frå 1. mai, i tillegg til Kavlvegen kultursti, er: «Svartvassparken» (ny, Nedre Surnadal), Hyllrabben (ny, Åsskard), Strandasetra (Nedre Surnadal), Kleiva, Svinvikrunden, Toåa tursti og Mulneset (Kvanne).

Langøya (ny, Vinddøldalen), Hjelmen, Skarven (Bøverdalen), Klåberget (Kvanne) og Sjøasetervatnet (Nedre Surnadal) kjem etter så snart våren «ryddar tørr veg» dit.

Kart skal ha kome i postkassane. Men har du ikkje fått, kan du hente deg kart i resepsjonen i kulturhuset eller på bygdebokkontoret.

Ein trelagt gangssti.
Kavlvegen.
Ein trelagt gangssti.
Kavlvegen.
Powered by Labrador CMS