Bøtte med en klosse, boks og bamsemums. Væske i bøtta med mange mus.
Linda Strand frå Surnadal laga ei musefelle sjølv. Dyrevernorganisasjonen Noah og politiet meiner musefella innebar brot på dyrevernlova.

NRK: Høgsterett skal sende direkte frå musefellesaka

Linda Strand frå Surnadal er skulda for ulovleg bruk av heimelaga musefelle. Når Høgsterett skal behandle saka blir dette ei av få saker som retten skal strøyme direkte, skriv NRK Møre og Romsdal på sine nettsider.

Publisert Sist oppdatert

Linda Strand frå Surnadal blei landskjend då ho blei dømd for å ha lokka mus i ei bøtte med ei blanding av vatn og frostvæske. Ho hadde laga ei innretning der musene blei lokka ut på ei roterande boks til at dei fall ned i ven væskefylte bøtta og døde. 

Linda Strand anka saka heilt til Høgsterett. Noregs høgste domstol skal behandle saka 13. juni. No har retten bestemt at saka skal strøymast.

Det var avisa Driva som omtalte strøyminga først.

Nærbilde av dame.
Linda Strand.

Linda Strand seier at ho er svært positiv til at Høgsterett skal sende direkte frå rettssaka.

NRK har snakka med informasjonssjef i Høgsterett Ida Dahl Nilssen, som opplyser at  Høgsterett begynte med strøyming av enkelte rettsmøte i 2023, etter at dei fekk lovheimel til dette året før. Det rettslege grunnlaget byggjer på at der ikkje er noko som treng å avgrensast for offentlegheita. Der kan ikkje vere omsyn til personvernet som talar imot strøyming. Det er berre opna for direktestrøyming og ikkje opptak.

– Totalt sett meiner vi musefellesaka eignar seg godt for strøyming, og ingen av partane hadde noko imot dette, seier Nilssen til NRK.

Trollheimsporten har omtalt denne saka tidlegare:
Ny sjanse for Linda i musesaken
Er dette enden på (muse-)visa?

Powered by Labrador CMS