Høgtidsgudsteneste med dåp i Stangvik kyrkje 1. pinsedag

Stangvik kyrkje
Stangvik kyrkje 1.pinsedag 2024

Pinsedagen i Stangvik

- Jesus levde for å syne oss kva kjærleik er. Han kunne dette med praktisk kjærleik. Løftet om Sanningsanden er eit uttrykk for dette at han alltid er klar til å vera her for oss. For Jesu ande finst det ikkje grenser korkje i tid eller kor nære han kan vera oss. 

Publisert Sist oppdatert

Stangvik har rike tradisjonar på ein kyrkjedag som elles er lite feira i landet. I pinsedagens fellesgudsteneste var mange aktørar i sving, og folk kom frå heile det gamle Stor-Stangvikgjeldet.

Inngangsprosesjon
Inngangsprosesjon med dåpsbarn, medhjelparar og prestar frå Halsa, Rindal og Surnadal

Salmistane Brorson og Grundtvig spådde nok veret på kvar sin måte i pinsetekster som vart sunge. Medan førstnemnde bad «Kom, regn fra det høye», lova Grundtvig «I all sin glans nu stråler solen» - og fekk mest rett, sjøl om skogbrannfaren - jf Brorson - var grundig avverga om natta. Men av ymse grunnar låg kyrkjebåtane heime denne dagen.

Mange i teneste

Både ute og inne vart dette ein strålande pinsedag. Mange frå fellesområdet gjorde teneste i kyrkja: Prestane Torbjørn Brøske, Lene Gåsvatn og Vidar Rygh, kyrkjeverje Tor Rune Halset (også som kyrkjetenar), songsolist Turid Røen Kroknes, to diakonar, organist og heile fem klokkarar. 

Song, dåp og rik liturgi

Eit stort dusin forsongarar på galleriet leia og krydra allsongen. To av dei hadde teke vegen heilt frå Kristiansund!

Korgruppa på galleriet klare til innsats. Dei song «I all sin glans» i bokstaveleg og overført tyding – blant mykje anna.

Lille Mayleen vart døypt - på den dagen da kyrkja minnest det 3000 første døypte i kristenhistoria.

Maileen Sveen Husby med foreldre fadrar og prost
Dåpsbarnet Maileen Sveen Husby med foreldre, fadrar og prost.
Den første pinsedagen vart 3000 døpte!

Dåpen vart leia av prost Vidar Rygh. Lene Gåsvatn heldt preika. Torbjørn Brøske hadde mellom anna ansvar for nattverdliturgien. I det heile var samlinga prega av rik og levande liturgi.

Lene Gåsvatn påpreikestolen
Sokneprest Lene Gåsvatn på preikestolen i Stangvik kyrkje

Brøske, Rygh og Kroknes hadde liturgiske songroller. Sistnemnte var solist under nattverd og ofring - med tonar av Bach, spiritualen «My Lord, what a Morning» og «Kom, regn fra det høye» til ein folketone frå Tingvoll.

Turid Røen Kroknes framførte mellom anna Bach - med tonefølgje av Bernt Bøe ved orgelet.

Takkoffer til NMS

Som på alle pinsegudstenestene i over 20 år gjekk takkofferet til eit misjonsprosjekt i Etiopia og Midt-Austen som sokna i Surnadal støttar etter avtale med Det Norske Misjonsselskap.

Stangvik sokneråd la alt fint til rette og baud på saft, kaffe og kaker etter ei festleg gudsteneste.

Etter gudstenesta baud Gunn Tove Green Svinvik og resten av soknerådet på kaffe med mykje godt attåt.
Bjarne Røen (nærast) lagar ofte videoopptak av gudstenester og konsertar i Stangvik kyrkje. I bakgrunnen Per Arne Hyldbakk – med noteansvar for songgruppa.

Johannes 14,15–21.

Elskar de meg, så held de boda mine. Då vil eg be Far min, og han skal gje dykk ein annan talsmann, og han skal vera hos dykk alltid: Sanningsanden, som verda ikkje kan ta imot.

For verda ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han, for han bur hos dykk og skal vera i dykk.

Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born. Eg kjem til dykk. Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.

Den som har boda mine, og som held dei, den er det som elskar meg. Og den som elskar meg, skal Far min elska. Ja, den som elskar meg, skal eg òg elska og openberra meg for.

Kjærleik har aldri vore enkelt.

Nei, no sa eg det feil. Det er ikkje noko som er så enkelt som kjærleik, berre den er gjensidig. Gjensidig og ikkje gjenstridig.

Gjensidig kjærleik er såre enkelt. Og det er dette Jesus inviterer til. Han inviterer oss til å elske, som han sjølv elskar.

Når Jesus tek ordet elske i sin munn, veit både han og alle at det handlar om noko større enn blaff av forelskelse og facinasjon.

Ingen veit meir om kva det vil seie enn Jesus sjølv: Det kostar ikkje berre blod og arbeid, sveitte og tårer. Det kostar liv og ære, det kostar vener og tryggheit, det kostar alt Jesus har å gje når han set livet på spel for oss syndige menneske.

Og oss er det Jesus ber om … kva var det han ber om? Var det venskap? Var det lojalitet? Var det bekjentskap? Ja, dette er vel og bra. Aldri før har samfunnet vårt hatt større behov for folk som kjenner på venskap, lojalitet eller kjennskap til Jesus.

For skal me elske Jesus, må me i det minste vita kven han er! Og veit me kven Jesus er, så er det heller ikkje vanskeleg å elske han.

Korleis elskar me kvarandre? Me viser kjærleik med å gje kvarandre oppmerksomheit og respekt. Me viser kjærleik ved å gje tid og kanskje eit økt eller fem med dugnadsinnsats.

Og jo nærare me står kvarandre, dess meir stiller me opp for den me elskar. Dei er ikkje lengre ifrå oss enn at me har sett det:

Folk som har feira gullbryllup og som kanskje får sitt av dei vonde dagane, der den eine ektefellen er meir enn utslitt av omsorgsoppgåver før det blir råd med ein sjukeheimsplass. Dette er kjærleik i praksis.

Dei flyktige blikka og den søte musikken har nok roa seg, men dei veit kva dei bygger på og dei veit kva plikt er. Og så handlar dei deretter. Trufast. Så lenge dei klarer og litt til.

Elskar de meg, så held de boda mine. Seier Jesus. Så er det vel berre å gjera det. Gjera så godt me kan. Vita at vår plass her på jorda er for Gud og vår neste – og så handle deretter. Me kan vera sikre på at handlingsrommet vårt er rikeleg stort!

Elskar de meg, så held de boda mine. Sitat Jesus. Men han er ikkje ferdig. Han seier noko om å ikkje bli attende som foreldrelause born. Om at Sanningsanden kjem, og at han sjølv er med oss gjennom Sanningsanden.

Dette er store ord frå ein som aldri tek munnen for full. Dette er trøyst for alle tilkortkomne og slitne, motlause og utslitte. For Sanningsanden, Guds eigen ande, betyr ikkje noko anna enn nye krefter, ny energi, nye tilstandar.

Etter pinsedag skulle ikkje verda lengre bli den same. Jesus er midt mellom folk og også midt i folk med sin eigen ande – faktisk er han nærare enn huda. Og det er bra nære!

Slik Anden kjem over dei som er samla den fyrste pinsedagen, slik kjem også Anden gjennom døypevatnet og sveiper vesle Maileen i nytt liv og ny nåde så ho kan leva og vekse i trua på den frelsaren ho er døypt til.

Eg syns det er så godt at det står om dei foreldrelause, at dei ikkje lengre skal finnast. Foreldrelause – det er dei som ikkje har beskyttelse i trygge, kjærlege vaksne.

Borna kan sakne dette dei ikkje fekk, som vaksne kan sakne barndommens tryggheit når livet blir skummelt og vanskeleg.

Etter den fyrste pinsa er det ingen i Jesu fylgje som blir latt i stikken som foreldrelause born, uansett kor lenge sidan det var og uansett kor gamle me har rukke å bli.

Dei gamle snakkar om ein himmelsk Far. For eit herleg ord, for ein fin type å forholde seg til! Vår himmelske Far, som me aldri veks ifrå. Vår himmelske Far som alltid er i lag med oss.

Vår himmelske Far som vil gje oss alt me treng både her me lever med begrensningar og skrubbsår og der framme i sitt evige rike.

Viser eg med denne preika at eg har forstått særleg mykje av pinse, av Den hellige ånd og av Guds kjærleik til oss i Jesus Kristus?

Det kan vera eg er dårleg til å briljere. Så får det vera opp til Jesus Kristus sjølv, at han ved sin heilage ande, Sanningsanden, må arbeide med oss alle så me ser meir og forstår meir av den store rikdommen me har fått i Jesus Kristus.

Er det vanskeleg å elske Jesus og halde boda hans? Ja. Men me skal ha i mente at han gjorde det fyrst. Han elska oss fyrst.

Og hans kjærlege nåde er alltid, alltid! Større enn våre begrensningar og forsømmelsar. Det er nesten godt at det er slik det er.

Ære være Faderen og Sonen og den Heilage Ande som var, er og vera skal èin sann Gud frå æve og til æve. 

Amen.

Powered by Labrador CMS