Avrunda Bøfjordhelga:

Tre smilende damer på et kjøkken.
Kjøkenstaben på museet serverte nydeleg bacalao og kaffe med tilbehør. Frå venstre kokka Mayse Dønheim Hovde og assistentane Torbjørg Settem og Inger Lise Heggem.

Feira med bacalao og historie

Tredje dag av Bøfjordhelga omfatta Blåfjelløpet, kunstbesøk, litt loppis og bacalaofest med lokalhistorie på Sjøbruksmuseet.

Publisert Sist oppdatert

Trass intens varme fekk Blåfjelløpet frå Dragset til Halsa Stadion 40 deltakarar. Av dei 19 som konkurrerte på tid, var to juniorar best: 1. Olav Fugelsøy og 2. Håkon Bøklep - begge medlemmar av Rindal IL, sjøl om Håkon er bøfjording. Blant damene vann Bente Jeanett Foss (NTNUI, men opprinneleg frå Bøverfjorden).

Ein merkar seg også søskena Vegard (3. plass i junior menn) og Hanna Aasbø (junior damer). Dei to er nettopp frå Dragset, startpunktet for det 10 km lange terrengløpet over fjellet til Halsa.

Atelier Fjordblå hos kunstnar Astrid Wærdahl og loppemarkedet på Gammelskulen var ope også deler av søndagen.

Bacalao og steinalder 

At Bøfjorden Historielag feira 30 årsjubileum med bacalaofest på museet, vart ein fin finale på ei stor bygdehelg. Hit kom mange bacalaogjestar og historieinteresserte.

«Dagens Tema» måtte ta for seg noko av Bøfjordens rike kulturhistorie. Første del var raske glimt av bygda si utvikling gjennom 3000 år. Funn frå steinalderen, 2000 år gamle gardsnamn og eit skinnbrev frå 1303 om den bortkomne garden «Drifasætre i Bøarfirði» vekte interesse.

En pilspiss av stein.
Denne bortimot 3000 år gamle pilspissen var bruka av steinalderfolket ved Heggemselva. Den vart funnen ved Utistua av John Baatvik og er no på Vitenskapsmuseet i Trondheim.

Båtliv og skipsbygging, sagbruksdrift i 400 år og annan industri fortalte sitt. Skule, post og handel utfylte biletet av eit fargerikt samfunn. Både alvor og muntre historier sat laust.

Gammelt bilde av mannskapet på en båt.
DS «Skrøyfa» var bygd i 1915 berre 40 meter nedafor det noverande sjøbruksmuseet. På dette litt seinare biletet er 8 av mannskapet frå Bøfjorden.
Gammelt bilde av tre menn på et sagbruk.
Sagbrukshistoria i Bøfjorden starta rundt 1620 med Zetumb Saug. 330 år seinare kom Nordmøre Impregnering. Her ser vi formann Erling Neergård (t.v.), Bastian Settem (truleg) og John Gravvold. På den tid skava dei enno stokkane med handmakt!
Gammelt bilde av barn som sparker fotball på en fotballbane.
Leikarvollen sist på 1980-talet: Sommarfjøset til høgre var Bøfjord IL sin garderobe inn på 1950-talet (og «dusjen» var elva). I dag står grendahuset på sommarfjøstomta. Klubbhuset på biletet stod frå 1974 til 1993.

Uerstattelege samlingar Andre del av programmet var jubileumsberetning for Bøfjorden Historielag frå starten i 1995 til i dag. Museumssamlingane i det gamle ungdomshuset vaks raskt. Uerstattelege gåver som er handgripeleg historie, kler alle vegger.

To damer med et gammelt treskrin.
Torbjørg Settem og Aud Jorunn Endresen med brødskrinet etter handelsmann Vaagen i Skrøvsetbakken på 1890-talet. Vaagen gjorde ting på sin måte, heiter det: Viss nokon handla på borg, tegna han varene i staden for å skrive dei opp. Og pepparmyntene delte han før han selde dei - ved å bite dei i to!

Tiltak og produkt

Elles har historielaget gjennom sine 30 år stått bak og støtta betydelege kulturtiltak – sogespel, sjømannskabaret, terrengmerking og dokumentasjon av hendingar.

Et lite fyr på et nes.
Eitt av historielagets mange tiltak var (i 2019) å overta den gamle fyrlykta på Storberget og (i samarbeid med Bøfjorden Småbåtforening) å gi henne ny framtid på moloen ved småbåthamna.

Den årlege utgåva «Gamle Nordmør» bevarer viktig lokal kultur og historie for ettertida. Dialektheftet «Teft og tykkje» har over 2000 ord og uttrykk – og veks stadig. «På eventyrvis» er ei samling nordmørske eventyr, segner, rim og regler utan parallell i lokallitteraturen.

480 dagar og nær 25.000 besøkande

Frå starten i 1995 har historielaget satsa på sommaropne søndagar der sosial kaffe-profil er kombinert med kåseri og demonstrasjonar («Dagens Tema») med variert, men alltid dokumentarisk innhald.

Sjølv om Bøfjorden berre har rundt 300 innbyggjarar, har snittbesøket vore på vel 50 – slik at på hittill gjennomførte 480 søndagar har bortimot 25.000 menneske besøkt Bøfjorden Sjøbruksmuseum.

Og på jubileumsdagen låg besøkstalet godt over dette gjennomsnittet!

Gammelt postkort med mange små båter på sjøen.
Apropos søndagens bacalaomiddag: Dette julekortet vart sendt heim til Bøfjorden under Lofotfisket. Og skrei frå Lofoten vart til kleppfisk - råstoffet til bacalao (som er «torsk» på spansk).

 

 

Powered by Labrador CMS