Bøfjordhelga

Interessant og innhaldsrikt tretti-årsjubileum
Som ein del av programmet og arrangementa under Bøfjordhelga, markerte Bøfjorden Historielag sitt tretti-årsjubileum på Bøfjorden Sjøbruksmuseum som laget eig og driv i Bøfjorden.
Historielaget vart stifta i 1995 etter ei øving i Bøfjorden Mannskor, og det var leiar i mannskoret, Gunnar Bøklepp, som vart valt til laget sin første leiar. I jubileumsåret er det Bernt G. Bøe som er leiar, medan Kristian Settem, May Iren Dønheim Hovde, Inge Dønheim og Tore Sannes er med i styret.
Overtok ungdomshuset da Grendahuset vart teke i bruk
Bøfjorden Grendahus vart teke i bruk i 1995, og det gamle ungdomshuset i bygda vart difor ståande tomt. For å unngå at huset skulle bli ståande og forfalle, bestemte nokre av karane frå mannskoret seg for å starte Bøfjorden Historielag, og at historielaget skulle overta ungdomshuset.

På Sjøbruksmuseet finn ein mange reiskap, bilete og båtmodellar som fortel om ei lang og variert maritim historie. På scena er det laga ei kommandobru, og utanfor museet er det teke vare på ein SAAB båtmotor. Men sjølv om det maritime dominerer på museet, så er det og plass til andre ting som fortel Bøfjorden si historie.
Viktig med aktivitet i huset
Da historielaget skulle overta det gamle ungdomshuset, som er bygd i 1934, var det viktig for historielaget at det vart aktivitet i huset. Difor vart det vedteke å lage eit sjøbruksmuseum i lokala, og at museet skulle vere tilgjengeleg for publikum.
Museet vart opna i juni 1995, og har sidan vore ope kvar søndag frå juni og eit stykke ut i september. Kvar søndag har eit eige tema, og det er sal av kaffe og noko å bite i. Tre til fire søndagar i sesongen er det også servering av middag, der den siste kvat år er sildball.
I tillegg til at museet er ope søndagane i sommarsesongen, så tek dei imot skuleklassar og andre grupper for omvising. Det er etter kvart blitt ein tradisjon at elevane i niande klasse ved Surnadal barne- og ungdomsskule tek turen til museet. Da får dei mellom anne høyre historia om «mannbjørnen», noko dei sett stor pris på.

Oppussing på gang
Alle bygningar treng jamleg vedlikehald, og sjøbruksmuseet er ikkje noko unntak i så måte. Det skal no skiftast vindauge og utførast litt anna vedlikehaldsarbeid, eit arbeid som er kostrnadsrekna til godt over hundre tusen, så historielaget har søkt om pengestøtte frå fleire hald for å få realisert prosjektet. Men mesteparten av inntektene til historielaget kjem frå dugnadsarbeid.
– Vi er heilt avhengige av dugnadsinnsatsen, både for å få inn pengar og for å få gjennomført alt arbeidet som blir gjort på sjøbruksmuseet, seier leiar i Bøfjorden Historielag, Bernt G. Bøe.
– Eg oppfordrar folk til å melde seg inn i historielaget, legg han til.
Jubilerte med bakalao og historisk tilbakeblikk
Bøfjorden Historielag hadde altså valt å legge jubileumsfeiringa av tretti-årsjubileet sitt til Bøfjordhelga, og inviterte søndag til bacalao og historisk tilbakeblikk på Bøfjorden Sjøbruksmuseum.
Etter å ha fått servert ein fantastisk god bakalao, var det leiar i historielaget, Bernt G. Bøe, som tok over. Han tok oss med på ein særs innhaldsrik og interessant historietime.

Først fekk høyre historia om Bøfjorden frå gamalt av, og ein del om folka som har budd og levd der. Vi fekk også høyre om næringslivet som har vore opp gjennom åra.
Til slutt fekk vi høyre litt om historia til Bøfjorden Historielag si tretti år lange historie, og litt om planane framover. Ei flott og interessant markering av historielaget sitt tretti-årsjubileum.