Tre menn på en Senterparti-stand i sommersol.
Per Ivar Lied (t.v.) og ordførar Hugo Pedersen (t.h).

Gladnyheit: betydeleg støtte til breiband i Surnadal

Det ligg an til betydeleg støtte til breiband i Surnadal frå fylkeskommunen (statlege midlar), skriv Surnadalsordførar Hugo Pedersen i ei pressemelding.

Ordføraren opplyser at det er bevilga over 3,6 mill til utbygging i Todalen, Settemsdalen og Østbødalen, nærare bestemt 433.000 til Settemsdalen, 938.000 til Østbødalen, 2,27 mill til Todalen.

– Dette er eg glad for. Det er svært viktig for folk flest og næringsliv og beredskap. Det gjer at vi som distriktskommune får økt bolyst og ei positiv utvikling, seier Pedersen, og held fram:

– Dette er statlege midlar som blir fordelt av fylkeskommunen etter søknad. Høgre og Frp var kritisk på grunn av mykje pengar til få, men det er eit einstemmig vedtak i næringsutvalet i fylket.

Per Ivar Lied, medlem frå Senterpartiet i fylket sitt næringsutval, understrekar óg at det er viktig at alle får tilgang til breiband, slik at det blir rask tilgang til nettet for alle, uansett kvar ein bur i Norge. 

– Dette er heilt nødvendig i dagens moderne samfunn, seier Lied

Powered by Labrador CMS