ANNONSE:

Driftsteknikar

Vi søkjer DRIFTSTEKNIKAR — som likar ein variert og ansvarsfull kvardag!

Om stillinga

  • Arbeidsoppgåvene er varierte og omfattar produkt- og prosessutvikling, praktisk produksjon og kvalitetssikring/dokumentasjon.
  • Du vil få eit spesielt ansvar for dei avanserte maskinene våre og dialogen med leverandørane av desse.
  • Du blir ein viktig del av eit lite og samansveisa team med solid kompetanse.

 Kvalifikasjonar og ønska kompetanse

  • God teknisk utdanning/forståing og erfaring med praktisk arbeid, gjerne frå produksjonsbedrift.
  • Erfaring med bruk av CAD-programvare, t.d. Inventor, er ein fordel.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og bidra med løysingsorientering og positivitet i teamet.
  • Stor fleksibilitet og vilje til å tilpasse seg i ein kunderetta kvardag.
  • God forståing av engelsk.

Kva kan vi tilby?

  • Spennande og varierte arbeidsdagar i ei bedrift i fin vekst, tilknytta eit dørkonsern med høg kompetanse og breidde.
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og påverknad på eigne arbeidsoppgåver.
  • Kort veg frå idé til handling – du vil raskt sjå konkrete resultat av arbeidet ditt.
  • Eit godt arbeidsmiljø med stor takhøgde.
  • Konkurransedyktige vilkår og innarbeiding av ekstra sommarferieveke.

Slik søkjer du

Har du lyst til å bli med på laget og vere med og forme framtidas KIAS?
Send oss ein kort søknad og CV innan 20.12.2025 der du fortel kvifor nettopp du er rett person for denne stillinga. 

Vi ser fram til å høyre frå deg!

For spørsmål om stillinga, kontakt oss via trond@kvanne.no eller telefon 911 78910.

Søknadsfrist: 20.desember 2025

Se også Kvanne Industrier sine hjemmesider

Powered by Labrador CMS