Bøfjordhelga

Frisk og vennskapeleg fotballkamp på Leikarvollen
Ved åpninga av Bøfjordhelga fredag ettermiddag vart det arrangert ein vennskapeleg fotballkamp mellom Bøfjord og Halsa på Leikarvollen.
Det vart ein frisk kamp, som var jamn og hadde mange gode og artige moment, blir det meldt frå Bøfjorden. Spelarane som var med var i alderen 15 - 57 år, og sluttresultatet vart 2 - 1 til Bøfjord.


Kvelden vart avslutta med quiz i Bjøfjorden grendahus. Den populære konkurransen var som oftast før laga av ekspertduoen Aina og Jarle.
– Gode spørsmål som kravde detaljerte og svært presise svar, kommenterte deltakarar etterpå.
