Frå kommunestyremøtet i Surnadal 25. april

Mange folk i eit møterom.
Økonomisjef Vibeke Langli la fram saka for kommunestyret.

– Vi hadde for høgt driftsnivå i 2023, og det fortsett inn i 2024

I møte torsdag 25. april behandla kommunestyret i Surnadal ei sak om justering av budsjettet for 2024. Dette var ei oversendingssak frå formannskapet.

Kommunedirektørens innstilling var slik:

Surnadal kommunestyre vedtek: 

1. Kommunestyret er positive til å sjå på fleire interkommunale samarbeid. 

2. Kommunestyret aukar satsane på matpengar i barnehagane fra august 2024 som beskreve i saka under område «endring i drift». 

3. Kommunestyret auker ramma til ansvar 130 kultur med kr. 423 000 slik at ein kan lyse ut ei fast 100% stilling på frivilligsentralen. 

4. Kommunestyret justerer og utsett investeringar som beskreve i saka under område investeringar. 

5. Kommunestyret ønsker ei gjennomgang av kommunen sine bunde fond, og at det kjem forslag om omdisponering av midlane som ei eiga sak til kommunestyret. 

6. Justeringane innarbeides i neste budsjettreguleringssak til kommunestyret.

Formannskapet behandla saka 16. april. Dei delte seg inn i to uavhengige partigrupper for å komme med innspel, og arbeidde seg fram til følgjande endringsforslag:

Formannskapet oversender innspela frå gruppemøtene til administrasjonen for vidare saksbehandling. 

Alle dokument i denne saka finn ein no på Surnadal kommune si heimeside, og ein kan sjå heile saksbehandlinga på Kommune-TV.

Økonomisjef Vibeke Langli heldt ei innleiing/orientering til saka i kommunestyremøtet. Ho minna om at ein må ta med seg at regnskapet for 2023 viser eit meirforbruk på 9,6 millionar, som er balansert ved bruk av disposisjonsfond. Det betyr at disposisjonsfondet er nesten halvert. Disposisjonsfondet er no på 14 millionar kroner. Det er svært lite, og gir ikkje noko handlingsrom for eventuelle uforutsette hendingar i år, sa økonomisjefen.

– Det resultatet vi fekk i 2023 viser at vi har for høgt driftsnivå i 2023, og det fortsett inn i 2024, sa Langli.

Ho viste til at fleire av einingane har behov for å få tilført meir midlar enn det som ligg i budsjettet, og at ein ikke er i nærleiken av å kunne auke inntektene tilsvarande. Ho sa at administrasjon er i gang med å jobbe med dei inspela som formannskapet har gitt, og at det blir lagt fram fleire forslag til innsparingstiltak i kommunestyremøtet i juni.

Det vart omfattende diskusjon i kommunestyret, og det vart lagt fram fleire endringsforslag og tilleggsforslag (henta frå møteprotokollen):

1. Innstillinga frå kommunedirektøren vart enstemmig vedtatt. 

2. Endringsforslag frå Ole Joar Bruset Karlstad:
Forslaget til Kommunedirektøren utsettast til vi veit den totale økonomiske betydninga for budsjettet. Negativt å ramme barnefamiliar. Vi ønskjer at dei skal oppleve bo- og bli-lyst.
Innstillinga frå kommunedirektøren vart sett opp mot forslaget frå Ole Joar Karlstad Bruset. Innstillinga frå kommunedirektøren fekk 4 stemmer. Forslaget frå Ole Joar Bruset Karlstad fekk 22 stemmer. Dermed vart forslaget frå Ole Joar Bruset Karlstad vedtatt.

3. Forslag frå Silje Beate Holten:
Kommunestyret ber kommunedirektøren sjå innad i ramma til ansvar 130 kultur for omprioriteringar som kan frigjere midlar til å kunne lyse ut 100% stilling på frivilligsentralen.
Innstillinga frå kommunedirektøren vart sett opp mot forslaget frå Silje Beate Holten. Innstillinga frå kommunedirektøren fekk 3 stemmer. Forslaget frå Silje Beate Holten fekk 23 stemmer. Dermed vart forslaget frå Silje Beate Holten vedtatt. 

4. Endringsforslag fra Eva Jorid Svendsen:
Prosjekter. 208 og 256 Bøfjord og Bæverfjord oppvekstsenter med kr. 500 000 hver tas inn igjen.
Endringsforslaget frå Eva Jorid Svendsen vart vedtatt med 16 mot 10 stemmer.

Endringsforslag frå Nils Petter Tonning:
Surnadal kommune jobber med gatelys på Surnadalsøra etter oppsatt plan etter enstemmig vedtak i en interpellasjon i kommunestyret 2023. Med oppstart i 2024.
Endringsforslaget frå Nils Petter Tonning fall med 8 mot 18 stemmer.

Endringsforslag frå Silje Beate Holten:
Investering 409: Opprusting kommunale veger opprettholdes i henhold til budsjett 2024.
Endringsforslaget frå Silje Beate Holten vart vedtatt med 14 mot 12 stemmer.

Endringsforslag frå Silje Beate Holten:
Investering 532 opparbeiding av næringsareal: Tiltaket gjennomføres med midler 2 000 000 som avsett i budsjett 2024.
Endringsforslag frå Silje Beate Holten settes opp mot kommunedirektørens innstilling. Silje Beate Holten sitt forslag vart vedtatt med 14 mot 12. 

Endringsforslag frå Silje Beate Holten: Investering 515 Tromyhauan: kr 750 000 2024 og kr 750 000 2025. Innsparing på 750 000 for 2024.
Forslaget frå Silje Beate Holten settes opp mot kommunedirektørens innstilling. Silje Beate Sitt forslag fall med 3 mot 23 stemmer 

Endringsforslag frå Silje Beate Holten:
Investering 342 ROP boliger: Reduserer totalbeløp fra 7 500 000 kr til 5 000 000 kr. Innsparing på 2 500 000.
Forslaget frå Silje Beate Holten settes opp mot kommunedirektørens innstilling. Silje Beate Holten sitt forslag fall med 8 mot 18 stemmer. 

Tilleggsforslag / tekstforslag frå Silje Beate Holten: Investering 512 Bruer: Administrasjonen prioriterer avsette midler 1 000 000 til prosjektering og eventuell oppstart av prosjekt Øyabrua og utarbeider finansieringsplan klar til budsjettarbeidet for 2025. 5 000 000 utsettes til 2025.
Forslaget frå Silje Beate Holten settes opp mot kommunedirektørens innstilling. Forslaget frå Silje Beate Holten fall med 7 mot 19 stemmer. 

Votering over hele pkt. 4 – Forslaget frå kommunedirektøren med vedtekne endringar vart enstemmig vedtatt 

5. Kommunedirektørens innstilling enstemmig vedtatt. 

6. Tilleggsforslag / tilleggspunkt frå Jorid Aarvåg:
Kommunestyret ber om at det snarast blir utarbeidd bemanningsplaner for heile organisasjonen. Desse må ha utgangspunkt i ein normalsituasjon i driftsnivået. Bemanningsplaner er eit nødvendig redskap for effektivisering og rekruttering.
Forslaget frå Jorid Aarvåg vart enstemmig vedtatt. 

7. Tilleggsforslag / tilleggspunkt frå Kjell Johan Larsen:
Kommunestyret ber administrasjonen leggje fram et revidert budsjett med 5% reduksjon av totale kostnadar. Dette inkluderer struktur og organisasjon og kjem i tillegg til sparte rentekostnadar som følgje av å utsette av investeringar. Ein ber om liste over tiltak med tilhøyrande krav og eventuelle konsekvensar.
Forslaget frå Kjell Johan Larsen vart vedtatt med 25 mot 1 stemme. 

8. Tilleggsforslag / tilleggspunkt fra Ole Joar Bruset Karlstad:
Kommunestyret ønsker en orientering der prosjektet "Snu alle stener" gjennomgås. Gjennomførte tiltak for å spare penger, hva som er spart og de innsparingstiltak som er valg bort presenteres.
Forslaget frå Ole Joar Bruset Karlstad vart enstemmig vedtatt. 

9. Tidligere pkt. 6 i innstillingen.
Kommunedirektørens innstilling enstemmig vedtatt. 

Samla votering over kommunedirektørens innstilling med endringsforslag og tilleggsforslag: Innstilling med vedtekne endringsforslag og tilleggsforslag vart enstemmig vedtatt. 

Mange folk i eit møterom.
Silje Beate Holten (SP) la fram fleire endringsforslag.

Kommunestyrets vedtak vart dermed slik: 

Surnadal kommunestyre vedtek: 

1. Kommunestyret er positive til å sjå på fleire interkommunale samarbeid. 

2. Forslaget frå kommunedirektøren utsettast til vi veit den totale økonomiske betydninga for budsjettet. Negativt å ramme barnefamiliar. 

3. Kommunestyret ber kommunedirektøren sjå innad i ramma til ansvar 130 kultur for omprioriteringar som kan frigjere midlar til å kunne lyse ut 100% stilling på frivilligsentralen. 

4. Kommunestyret justerer og utsett investeringar som beskreve i saka under område investeringar med følgjande endringar: Prosjekter. 208 og 256 Bøfjord og Bæverfjord oppvekstsenter med kr. 500 000 hver tas inn igjen. Investering 409: Opprusting kommunale veger opprettholdes i henhold til budsjett 2024 Investering 532 opparbeiding av næringsareal: Tiltaket gjennomføres med midler 2 000 000 som avsett i budsjett 2024. 4 

5. Kommunestyret ønsker ei gjennomgang av kommunen sine bunde fond, og at det kjem forslag om omdisponering av midlane som ei eiga sak til kommunestyret. 

6. Kommunestyret ber om at det snarast blir utarbeidd bemanningsplaner for heile organisasjonsn. Desse må ha utgangspunkt i ein normalsituasjon i driftsnivået. Bemanningsplaner er eit nødvendig reiskap for effektivisering og rekruttering. 

7. Kommunestyret ber administrasjonsn leggje fram et revidert budsjett med 5% reduksjon av totale kostnadar. Dette inkluderer struktur og organisasjon og kjem i tillegg til sparte rentekostnadar som følgje av å utsette investeringar. Ein ber om liste over tiltak med tilhøyrande krav og eventuelle konsekvensar. 

8. Kommunestyret ønsker en orientering der prosjektet "Snu alle stener" gjennomgås. Gjennomførte tiltak for å spare penger, hva som er spart og de innsparingstiltak som er valg bort presenteres. 

9. Justeringane innarbeides i neste budsjettreguleringssak til kommunestyret

NB: Trollheimporten har avventa offentleggjering av møteprotokollen i denne saka, for å få med rett ordlyd på alle vedtaka. Protokollen var offentleggjort 16. mai.

Powered by Labrador CMS