Seks menn og to damer rundt er bord med seks fargerike slips.
Nokre av sjåførane som deltok. Frå venstre Gerd Anny Gjengstø, Olav Bjarte Sande, Peder Snekvik, Sigmund Gravvold, Sigfred Gravvold, Nils Ragnar Bjørnås og Nils Magne Ørsal.

Med bussen gjennom hundre år

Ein god busslast med publikum og eit dusin før-og-no-sjåførar fylte seta på museet i Bøfjorden søndag. «Tema Buss» var eit kapittel samferdelshistorie alle kjente seg att i.

Publisert

Ruta følgde Surnadal Billag, frå 1935 også kalla Mørelinjen, med ulike namn og fusjonar opp mot vår tid. Sigmund Gravvold, Gerd Anny Husby og Bøfjorden Historielag hadde henta fram gode foto til lerretet. 

Surndals Auto 1912

Desse inspirerte forsamlinga til gjenkjenning. Med 44 års fartstid bak bussrattet batt Sigmund reisa saman med innsikt, humor og imponerande kunnskap om kvart kjørety. Og kollegaene i salen bidrog med ypperlege kommentarar. 

Først rulla dei opne pionerbilane til Surndals Auto AS anno 1912 over skjermen. Gradvis kom meir vanlege bussmodellar - med og utan “snute”, med ulik dørplassering, røykekupe, etter kvart toalett og no mobillading og internett. 

Svart/hvitt bilde av en gammel åpen bil med skilt, hus i bakgrunnen hvor det står Svorkmo
Pionerselskapet Surndals Auto AS (artig skrivemåte!) var på hjul frå 1912.
Svart/hvitt bilde med buss nr 31 Surnadal Billag, og to damer. Den ene med et barn på armen, den andre med en jente i kjole foran.
1952: Dagens kåsør som 1-åring i mor Erna sine armar, saman med storesøster Jorunn Mary og tanta som skulle ta kystbåten «Aure» herifrå Vågland til Trondheim.
Svart/hvitt bilde med gamle busser foran et stort bygg med store vinduer og Surnadal Billag AS
Fram til 1970-talet var billaget sentralisert på Surnadalsøra.

Muntre innslag

Buss med dører både framme og bak kunne forvirre, hugsa Peder Snekvik. 

- Ei dame steig av i Betna for å skifte buss til Valsøyfjorden, men tok feil i mørkret. Via bakre døra gjekk ho inn att i same bussen og vart forskrekka da ho såg Åsskardkyrkja gli forbi! (Men etterpå ordna Peder bilskyss tilbake.)

Ei fin bydame hadde ikkje lese frontskiltet om at bussen skulle til Todalen. 

- Ho skjente sjåføren huda full for manglande informasjon, fortalte Sigfred Gravvold. 

Dama truga med å skrive klagebrev til direktøren for bussekskapet. Da kom det tørt frå sjåføren: 

- Du kan å skrive da, altså?

Lekteren «Krassin» var første ferja

Ferjetrafikken hører busshistoria til. Vår fremste historikar på området, Terje Holm, deltok med interessante fotokommentarar. – Sambandet Kvanne-Røkkum var det første på Nordmøre – frå 1928, da med lekteren «Krassin», som var kjøpt frå Rena Bruk, fortalte han.

Svart/hvitt bilde av en flat båt med mennesker. Store hvite hus i bakgrunnen.
1928: Lekteren «Krassin» var første bilferje mellom Kvanne og Rykkjem.

I 1929 kom fylkets første spesialbygde bilferje, «Kvanne-Røkkum I». Den neste, «Kvanne-Røkkum II», kom i rute i 1939 – etter ombygging av ferjekaia. Den vart i 1950 avløyst av ei ny og større «Kvanne-Røkkum III».

Men også rutedampbåtar som «Driva» hadde bilar - om enn ikkje bussar - på dekk, viste biletserien.

Mjølk og skulekjøring

Mjølkerutene – også med passasjerar - spela ei viktig rolle. – Men frå Bøfjorden via Snekkvika og Bøverdalen til Surna var jo ei Amerika-reise! lydde ein kommentar frå salen.

Skulebussen vart også nemnt som snarast. Gratis elevskyss kom vel i stand sist i 50-åra. Med ungdomsskulen (Surnadal var forsøkskommune) først på 1960-talet vart skulebussen ein del av oppvekstmiljøet. Etter eit par år med private firma overtok Surnadal Billag denne trafikken.

Rød og hvit buss med logo Mørelinjen, tallet 32 og Bøfjorden i skiltet på taket foran.
«32-in»: Ein traust representant for transporthistoria vår.

Sigmund Gravvold, Harald Bersås og fleire tok fram korrespondansen mellom lokalbussen og Trondheimsruta til sjøs. Fjordbussen «Aure» tok såleis med passasjerar enkelte dagar til og frå bussen på Vågland.

Og eit vårfoto frå kaia på Halsa rundt 1960 viste både bussar (til songarstemne?) og lastebilen hans Nils – med reisande på lasteplanet!

Ferge liggende til kai med to busser foran, den ene rød og hvit. Bil med lasteplan med mennesker på i forgrunnen. Mennesker på kaia.
Halsa, med nyferja «Jønshorn» ca 1960. Lastebilen til venstre frakta også folk.

Både «Vangsgutane», soldatar og songkor bruka sjølsagt bussen. Snøbrøyting – også med buss bak plogen – var del av historia.

Sjåførane – trygghet og fagkunnskap

I løpet av serien med bussfoto frå 1930-talet til no var det fascinerande å høre sjåførane sin kjennskap og personlege forhold til buss nummer det og det. Peder Snekvik «køyrde-opp» med 24-en, fortalte han. Attåt si ordinære rutekjøring hadde Sigmund Gravvold mykje å fortelje om turar hit og dit, landet rundt, med turistar og turgrupper. – Her er vi på Storlien! Dette er Ørnesvingen i Geiranger ...

Buss sjåføruniformer, i forskjellige blå, blågrønne og grønne farger med fargerike slips og hvite eller blå skjorter til.
Kåsør Sigmund hadde med nokre uniformseffekter etter sine 44 år år som bussjåfør.
Hvit buss med logo med passasjerer samlet på utsiden på en stor rasteplass med en bro i bakgrunnen
Bussar (med Nor-Way ekspressfargane) med cruisebåtpassasjerar på rundtur om Atlanterhavsveien og Averøya.

Portrett av nokre få frå den store skaren av dyktige bussjåførar avrunda biletkåseriet: Martin Gravvold, Erling Sæthervik og sønnen Arnfinn ... Desse og mange andre har ein fin plass i historia om samferdsel og samhandling. Og vil bli huska av alle.

Mange mennesker i en sal som ser på et lerret
Mange «sat på» under historieturen på museet. På lerretet er det snøbrøyting, med buss, på Skei!

Nydeleg kaffeservering av Gunnvor og Inger også, forresten!

Powered by Labrador CMS