Preika i Rindal kyrkje 17. mai

Publisert

Rindal kyrkje 17. mai 2026.

Slik vart det formidla på gudstenesta:

Tenke seg til at ein liten bit av ein lovsang kan romme så mykje! Men det gjer det når ungdommen Maria bryt ut i lovsong. Evangelieteksta er henta ifrå det fyrste kapitlet i Lukasevangeliet, altså ifrå tida før Jesus er født.

Så ja, me kan gjerne seie at Maria rommer mykje. Frelsa ligg og veks i livmora hennar mens lovsangen bobler ut fra heile sinnet. Dette hellige evangelium står skrive hjå evangelisten Lukas i det fyrste kapittel:

Luk 1, 50-53.

Fra slekt til slekt varer hans miskunn

over dem som frykter ham.

Han gjorde storverk med sin sterke arm;

han spredte dem som bar hovmodstanker i hjertet.

Han støtte herskere ned fra tronen

og løftet opp de lave.

Han mettet de sultne med gode gaver,

men sendte de rike tomhendte fra seg.

Han tok seg av Israel, sin tjener,

og husket på sin miskunn

slik han lovet våre fedre,

Abraham og hans ætt, til evig tid.»

Motsetningene er tydelege nok i denne Maria sin lovsang. Og ho er både tydelegare og meir modig enn noko mektig mannfolk der ho peiker ut vegen for kva som er rett, kva som er gagneleg, kva som varer og skal bestå. Rett og slett kva som er verd å satse på.

Og verdien av dette, den har så visst ikke gått ut på dato gjennom alle åra som har rulla og gått. Snarare tvert imot, sidan verda på ingen måte har vorte mindre komplisert med åra. 

For det handlar om verdiar. Verdien i å sjå kva me skal satse på, kva me skal halde oss til, kva som er sant og rett. Og som ein sum seier ho noko slikt som at det er lurt å stole på Gud - og så la dette få konsekvensar for andre valg i livet.

Så enkelt er det faktisk: Fryktar me Gud, så har me altså same respekt for både oss sjølve og kvarandre og skaperverket også.

Det eine fører det andre med seg når gudsfrykta styrer liv og handling.

Og denne innstillinga får ikke berre gode konsekvensar for oss sjølve men også for andre - faktisk i slekt etter slekt skal Guds miskunn vare, halde seg, vera sterkt og levande. Tenkt for ein rikdom å kunne leva under og midt i og av Guds miskunn gjennom heile livet! Og så kunne overlate både born og barnebarn og oldebarn inn i den same rikdommen av Guds godheit.

Guds miskunn og godheit skal vare ut og bort over dei som fryktar han, altså dei som lever i gudsfrykt. 

Og så er det ikke fritt for at Maria i sin lovsong også set både hovmotet, herskarane og dei rike på plass. Nåde dei! For tydelegvis ligg dei ganske tynt an når Gud grip inn. Dei lever i stor risiko, dei som er hovmodige, mektige og rike.

Eller var det me som gjorde det? Me har vel fått eitkvart av dette, fleire av oss, at me kan vera både hovmodige - eller som det så fint heiter - høye på oss selv.

Om me ikke er mektige, så kan me gjerne vera glad i makt. Me må ikke nødvendigvis ha høge stillingar innan politikk, forvaltning eller domstoler for å utøve makt. Makta kan ligge i noko så enkelt som alliansar, bak- og framsnakk, hersketeknikkar, utestenging og evna til å vera sleip. Eg vil tru at evnene i så måte er ganske likt fordelt mellom oss. Så er det opp til kvar og ein av oss korleis me vel å bruke dei.

Og kva gjer me med rikdommen? Eller kva gjer rikdommen med oss?

I vår tid kan det synast så veldig antikvarisk, dette utsagnet fra ein Kennedy om at me heller enn å spørje kva samfunnet kan gjera for oss, skal spørja kva me kan gjera for samfunnet. Men det er då ikke så mykje som hundre år sidan det var sagt, er det vel?

Det kan synast som at klagesangen ingen ende vil ta, her me sit på våre fulle frysebokser, klesskap og aksjefond. 

Så står motsetningene i spenn mellom gudsfrykt og hovmodet, mellom dei som står lågt og herskarane, mellom dei svoltne og dei rike. 

Kva gjer me med det? Og kva gjer denne problemstillinga med oss? 

Det kan vera me er undervegs til å sjå det sjølve, at gudsfrykt og hovmot harmonerer like dårleg som det å bli bestemt over er noko anna enn å herske. For ikke å snakke om rikdommen:

Me som er rike veit ikkje kva svolt er anna enn når me prøver å tære på forrådet me ber med oss på sidebeina. 

Disharmoniane skrik imot oss av ein einaste grunn: Gud vil ha rettferd. Gud vil ha plass i liva våre, i landet vårt og i verdssamfunnet for sine storverk, si godhet og sin miskunn.

Og dermed blir det trongt om plassen for dei som er hovmodige. Dei skal bli spreidd og ufarliggjort. Herskarane som har klatra opp på si høge trone skal støytast ned slik at dei låge kan løftast opp. Og dei svoltne skal bli metta, ikke berre med mat, men med gåver, mens dei rike for tomhendte bort. Og sanneleg skal Gud sine løfte til Abraham og hans ætt bli ståande til evig tid. 

Dagen i dag er nasjonaldag, det er ein dag me i stor grad blir mana til å leva i takknemlegheit for forfedre, frihet, land og fravær av krig. Og det me må me gjerne gjera kvar dag gjennom heile året. Visst har me mykje å takke for! Og tanken slår meg: Har me kapasitet til å ta imot meir? 

For me har faktisk meir å hente enn kva me har vit på å takke for.

Uansett er det bydd oss: Miskunn gjennom slekt etter slekt i staden for hovmod og arroganse. Dette å bli løfta opp i staden for å klamre seg til makta. Dette å bli metta av gode gåver i staden for å vera blant dei rike som blir sendt tomhendt bort.

Berre av den eine og enkle grunn at det er ikke berre problematisk, men også umogeleg å ta imot meir hvis me står der og er fulle av oss sjølve og livet kun handler om oss og vårt. Då blir det trangt om plassen for Guds miskunn og gode gåver.

Seier Maria, der ho veit at Guds miskunn og gode gåve i eigen person ligg og veks under hjarta hennar.

Powered by Labrador CMS