8. mai 2022

I dag går flagget til topps for å markere frigjeringsdagen.

8. mai 1945 vart Noreg fritt etter 5 års tysk okkupasjon.

Demokratisk folkevalte representantar som hadde overlevd krigen fekk att verva sine og NS-innsette ordførarar og andre som hadde representert okkupasjonsmakta vart arrestert.

Etter den russiske invasjonen av Ukraina 24. februar er det meir aktuelt enn på mange år å heise flagget for eit fritt Noreg. Tankane våre går til alle som er på flukt og kjempar med sine liv for demokrati og friheit i Ukraina.

8. mai er også veterandagen der vi heidrar alle som har delteke i internasjonale operasjonar. Surnadal kommune sett denne våren i gang eit arbeid med å utarbeide ein veteranplan som også skal vere eit viktig bidrag i oppfølginga av veteranane våre.

Fred og friheit er ikkje sjølvsagt, men noko vi må kjempe for kvar dag.

Heis flagget for alt vi er og alt vi har!

Gratulerer med frigjeringsdagen!



Margrethe Svinvik

Ordførar Surnadal kommune

Powered by Labrador CMS