Bildet av det nye styret i Surnadal Pensjonistlag. Bak f.v. kasserar Wenche Kvendseth, sekretær Anne-Sissel Ulven Mogstad, styremedlem Ragnhild Vorum og 1. vara Jan Gausen. Fremst f.v.: leiar Bitten Ranes og nestleiar Brage Einum. Styremedlem Odd Asbjørn Bævre var ikkje til stades.

Triveleg møte i pensjonistlaget

Tysdag 19. mars hadde Surnadal pensjonistlag medlemsmøte.

Publisert

Det starta med styremøte i møterommet på Surnadal Sjukeheim. Deretter var det medlemsmøte i kantina på Sjukeheimen med i alt 50 frammøtte.

Bengt Eriksson frå Kristiansund hadde eit svært informativt og interessant foredrag om pensjon, der han tok for seg utviklinga frå den spede start til i dag.

Eit triveleg og sosialt møte med prat, diktopplesning av Ragnhild, allsong med Rolf Arne Berg ved pianoet, loddsag og servering av kaffi og velsmakande baguettar.

(Flaks at det var bestilt 50 stk. så alle 50 frammøtte fekk sin baguett!)

Vi er samde om at kantina på Surnadal Sjukeheim er eit riktig så triveleg og praktisk lokale for medlemsmøte i Pensjonistlaget. 

Powered by Labrador CMS