Annonse
Melding om sprenging og smell i dag ved Bøverdalsvegen 476
I forbindelse med fjerning av gran på høgspentlinje med bruk av sprenging, vil det bli ein eller fleire høge smellar i dag. Det er Befalsvakta i Surnadal kommune som melder om dette.
Melding om sprenging og høge smellar
I forbindelse med fjerning av gran på høgspentlinje omtrent ved Bøverdalsvegen 476 vil det i dag, tysdag 28. november, bli brukt sprenging. Dette vil gi ein eller fleire høge smellar i tidsrommet 10.00 - 14.00.
Det er sendt SMS til berørte i området.
Det kan bli behov for utkopling om linje blir skadd under arbeidet. Det vil i så tilfelle bli sendt ut ny informasjon på SMS til berørte.
Vi beklagar ulempa dette medfører.
Ved spørsmål ring vakttelefon 924 20 050.
Artikkelen er henta frå Surnadal kommune si heimeside.