Surnadal kommune melder

Informasjon om beredskap inn mot helga
Surnadal kommune har fredag ettermiddag hatt beredskapsmøte i forbindelse med at vi har fått ein våt og vindfull start på helga, og har lagt ut følgende informasjon på sine heimesider:
Vi har gult farevarsel for både regn, flom, jordskred og kraftige vindkast. Dette i kombinasjon med svekka tre etter stormen sist helg, gjer at vi kan få ytterlegare trevelt over vegar og strømlinjer.
Sjå også Surnadal kommune sine heimesider
Bruk av jaktradio ved utfall av mobilnett
Som eit føre var- tiltak vil teknisk vakt og lokalt brannmannskap aktivere jaktradio frå fredag kveld, og kan motta viktige meldingar over kanal Jakt 1, dersom vi får utfall i mobilnettet. Skulle dette skje oppfordrar vi alle som har jaktradio om å slå på denne.
Lokale brannmannskap i Todalen, Kvanne, Bøfjorden er alltid utstyrt med hjertestartar og nødnettradio.
- Ved tre over veg: Ring vegtrafikksentralen 175
- For kontakt med teknisk vakt i kommunen: Ring 41635388
- Sjekk kor det er strømbrudd: S-nett strømbruddskart
- Sjekk stengde vegar: Statens vegvesen - Trafikkmeldinger
Surnadal kommune disponerer tre satelittelefonar. Den eine er fast stasjonert på sjukeheimen, ein annan er dedikert kriseleiinga og ein tredje blir disponert av teknisk vakt. Våre satelittelefonar blir aldri førehandsstasjonerte ut i delar av kommunen, da desse skal vere disponible for å sikre liv og helse i heile kommunen, på oppdrag frå eventuell kriseleiing.