Samarbeidsprosjekt i Surnadal:

Hilde Staveli Solli inviterer til møte om følgetjenesten torsdag kveld.
Hilde Staveli Solli inviterer til møte om følgetjenesten torsdag kveld.

"Treng du fælje?" - informasjonsmøte torsdag kveld

Publisert Sist oppdatert

I 2021 og 2022 har Helse- og omsorgstenesta i Surnadal kommune hatt eit samarbeidsprosjekt i lag med Kultur og Frivilligsentralen, der dei har sett på å etablere eit samarbeid for å nytte frivillige til å følge innbyggarar til legetimar og sjukehus, dersom dette er mogleg og ønskeleg.

Prosjektet er forankra i Helse- og omsorgsplan som er politisk vedteke. Dette er eit tema som er oppfordra til gjennom “Leve hele Livet”.

I Omsorgsplana står det mellom anna:

Frivilligsentralen vil bli ein viktig aktør og samarbeidspart sett opp mot dei kommunale helse- og omsorgstenestene.

Det vil vere naudsynt å opprette dialog med frivilligsentralen tidleg i planperioden, for å kartleggja behov for frivillig bistand, kva aktuelle oppgåver kan vere, og korleis dette kan organiserast.

Målet er å få til eit godt og nært samarbeid der frivillige ressursar supplerer helsetenestene til det beste for innbyggjarane og brukarane.

Arbeidsgruppa er sett ned av assisterande kommunedirektør, i samråd med einingsleiarane i Helse og familie, Sjukeheimen, Heimetenesta og Kultur. Den har bestått av:

Hilde Staveli Solli (Dagleg leiar, Frivilligsentralen)
Ingunn Mikkelsen (
Fagutviklingssjukepleiar, Sjukeheimen)
Ingvild Kårvatn (
Fagutviklingssjukepleiar, Heimetenesta)
Annett Ranes (
Einingsleiar, Heimetenesta)

Dei har nytta standardisert forbedringsmodell og fått rettleiing i prosessarbeidet av “Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester i Møre og Romsdal”. Dette i lag med over seks andre kommunar med ulike tema for arbeidet.

Arbeidsgruppa har no kome så langt at dei ønskjer å tilby tenesta til innbyggerane i Surnadal Kommune frå 1. juni. For å få til dette er dei avhengig av å få ei gruppe frivillige til å ta på seg slike oppdrag, og at det meldast behov. Difor blir det arrangert eit informasjonsmøte torsdag kveld i lokalene til Frivilligsentralen.

ANNONSE:

Informasjonsmøte om følgetjeneste "Treng du fælje?".

Torsdag 12. mai kl 18.00 på Surnadal Frivilligsentral.

Powered by Labrador CMS