Trollheimsporten 20 år 15. november:

Da Bjørn (nesten) møtte Bjørn - og andre historier frå oppstarten av Trollheimsporten i Surnadal

Så sto eg der da, oppe i skogen ikkje langt frå alpinbakken. Med tung foto-bag, frakk og glatte spasersko som ikkje i det heile tatt var laga for å gå i bratt bakke på ein snødekt sti. Det var da eg såg dei ferske bjørnespora. Og tanken slo ned i meg: «No står du i skogen, med frakk og glatte spasersko på ein bratt og snødekt sti, og kanskje står ein nyvakna, sur og svolten bjørn og stirrar på deg akkurat no».

Publisert Sist oppdatert

Nei, dette var ikkje akkurat ein typisk arbeidsdag, men definitivt noko av det eg kjem til å hugse frå tida som medredaktør på Trollheimsporten sitt Surnadals-kontor.

Den journalistiske refleksen slo inn da meldinga kom denne dagen tidleg i mai 2010 om bjørnespor oppe i liene ved alpinanlegget. Kombinert med tendensen til heller å ville kle meg elegant enn praktisk, er eg no i ettertid glad for at ingen såg meg. For det var nok litt av eit syn, der eg småbannande kava meg opp lia – to steg fram og eitt tilbake – før eg sveitt og skliande kom meg ned att det stillaste og fortaste eg vann.

Men bilde av spora tok eg, og dei vart ein klikkvinnar. Hurra! Etterpå spøkte vi med at det var synd at eg ikkje møtte bjørnen, for da kunne tittelen blitt «Bjørn møtte Bjørn». Ja ja, det er lett å vere tøff på avstand… Og bjørnen? Nei, han var mest sannsynleg ein ung hannbjørn på streif – da eg fann spora var han truleg lant unna, på god veg mot fjella i Trollheimen, og uansett sikkert totalt uinteressert i ein forkava journalist med frakk og glatte sko.

Dette skjedde for altså våren for ti år sidan, da Trollheimsporten utvida området sitt til også å omfatte Surnadal. No når det er 20 år sidan «Porten» var på nett for aller første gong – du verda som tida går – er det hyggjeleg både å gratulere jubilanten, og å tenkje på at eg var med på oppstarten av satsinga i Surnadal.

Medredaktørene i Trollheimsporten samla i april 2010, til det som var Bjørn Tore Brøske og Tonje Mogstad Høivik sitt aller første redaksjonsmøte. Frå venstre og rundt bordet Juanita Møkkelgård, Anne Skjølsvold, Tonje Mogstad Høivik, Bjørn Tore Brøske, Ole Trygve Foseide og Inger Elin Dalen.

Vi var to medredaktørar som frå starten i april 2010 hadde ansvar for å byggje opp Trollheimsporten i Surnadal. Tonje Mogstad Høivik og eg var tilsett i Amfi Kreativ, som hadde inngått avtale med Porten om å levere redaksjonelt stoff, verve medlemmar, selje annonser og generelt skape interesse for informasjonsportalen. Ei «litt av alt»-stilling for oss dette, altså, og for ein mangeårig journalist som meg, var det litt uvant i starten med denne blandinga av å skrive nyheiter og blidgjere annonsørar og medlemmer. Leiinga i Surnadal kommune likte til dømes dårleg artikkelen der ein person meinte at området mellom Svorkabygget og Landbrukshuset var det styggaste på Skei mellom anna fordi det – i april – enno sto eit juletre med lysa på der. «Det ska vårra gøittj det så står på Porten», var hovudredaktør og dagleg leiar Willy Karlstrøm si stadige påminning. Samtidig trur eg han likte at vi kunne vere først ute med siste nytt frå Surnadal og Rindal – i alle fall dersom det var positivt vinkla, artig og/eller kuriøst. Da vi vart sitert på sjølvaste NRK på nyheita om at den nye gangbrua mellom hotellet og kulturhuset var 18 centimeter lågare enn det vegvesenet hadde sett som minstehøgd, kom det begeistra telefon frå Willy!

Cirka 50 prosent Amfi Kreativ-jobben til Tonje og meg gikk med til Porten-jobbing. Det var jamlege turar til Rindal for styre- og redaksjonsmøte for tilpasse Porten sin «Rindals-modell» til Surnadal. Minst ei sak per dag, aktiv kontakt med potensielle medlemmer/annonsørar og oppfordring til lesarane om å engasjere seg til dømes med å sende inn bilder, gav resultat. For den som likar å vere i kontakt med folk, er ein informasjonsportal som Trollheimsporten ein glimrande arbeidsplass. Surnadalingane tok godt imot oss, noko eg i all beskjedenheit trur skuldast at både vi faste og etter kvart frilansarar, var til stades der smått og stort skjedde. Lag, organisasjoner og bedrifter såg også at dei hadde att for å vere medlemmer, i form av godt synleg omtale og informasjon om aktivitetane deira.

Arkivbilete av Bjørn Tore Brøske frå 2010, då han og Tonje Mogstad Høivik vart innleigd frå Amfi Kreativ for å jobbe i Trollheimsporten.

Mulegheitene til å setje preg på Porten var det også, både for oss redaktørane og lesarane. Sjølv nytta eg mellom anna høvet til å skrive skråblikk og ha arkivdykk i det lokale musikk- og kulturlivet.

Tida mi i Trollheimsporten varte berre i litt over eitt år. Ferda gikk til Vestfold og journalistikk her, men Porten er framleis blant nettstadene eg er innom så å seie dagleg. Alltid artig å følgje med på det som skjer i heimtraktene for oss «utvandrarar» – dét er også ein viktig funksjon. Så neste gong ein bjørn er på vandring gjennom dalføret, reknar eg med å få lese om det på Porten! Gratulerer med jubileet - og i det høve, her eit godt råd til redaktør Øystein og de andre i redaksjonen: Ha alltid eit par gode og solide terrengsko i nærheita. De veit aldri når de kan få bruk for dei!

Bjørn Tore Brøske

Powered by Labrador CMS