Kommunestyremøte i Surnadal:

Flere personer i et møte.
Eit fleirtal i kommunestyret i Surnadal vedtok torsdag å bevare alle skulane i kommunen.

Vedtok å ikkje legge ned skular

Kommunestyret i Surnadal har møte torsdag, og den største saka på agendaen handla om effektivisering og moglegheiter for innsparing i oppvekstsektoren etter høyring. Etter ein lang debatt vedtok fleirtalet i kommunestyret å behalde alle skulane i kommunen.

Publisert Sist oppdatert

Kommunedirektøren si innstilling var slik:

Kommunestyret vedtek å legge ned skulane i Bøfjorden Bæverfjord oppvekstsenter, Mo oppvekstsenter og Todalen og Stangvik oppvekstsenter, og flytte elevane til Surnadal barne- og ungdomsskule (SUBUS) frå skuleåret 2026-2027.

Sjå alle dokumenta i saka på Surnadal kommune si heimeside.

Det vart ein lang debatt i saka. Ingen av kommunestyrerepresentantane støtta kommunedirektøren si innstilling, og fleire av dei ga uttrykk for at dette er ei svært vanskeleg sak. 

Senterpartiet, Frp, MdG og Rødt la fram eit felles forslag om å ikkje legge ned nokon av skulane.

Arbeiderpartiet la fram forslag om å legge ned skulen i Mo oppvekstsenter. Mo skule er den minste av skulane i kommunen og den som ligg nærmast SUBUS. Representantar frå Høgre signaliserte at dei ville støtte dette forslaget.

Avstemminga endte med 12 stemmer for Arbeiderpartiet sitt forslag, og 15 stemmer for Senterpartiet sitt forslag. Det betyr at ingen skular blir lagt ned. 

Trollheimsporten følger opp med meir om saka seinare.

Powered by Labrador CMS