Ei dame som står på talerstolen foran flere møtedeltakere.
Økonomisjef Vibeke Langli la fram busjettsaka for kommuenstyret.

Stramt budsjett i Surnadal

I møte torsdag 14. desember vedtok kommunestyret i Surnadal budsjett og økonomiplan for 2024 - 2027.

Økonomisjef Vibeke Langli la fram kommunedirektøren si innstilling, inkludert formannskapets sine vedtak, for kommunestyret. 

I budsjettframlegget er det lagt inn ei auke på 6,3% på sentrale driftsinntekter, som er rammetilskot og skatteinntekter. Integreringstilskot for flyktningar er auka, i og med at kommunestyret vedtok å ta imot 50 nye flyktningar neste år.

Dårleg nytt om eigedomsskatt

Budsjettert eigedomsskatt må reduserast med 1,6 millionar, samanlikna med årets budsjett. Årsaka til reduksjonen i eigedomsskatt er ein betydeleg reduksjon i formuesgrunnlaget for vasskraftanlegg. Desse tala har kommunen nyleg fått frå skattetataten. Det er størst reduksjon på Trollheim kraftverk, og det er i tillegg ein betydeleg reduksjon på Gråsjø kraftverk, sa økonomisjefen.

– Dette er store tal, og det er uheldig at dei kjem så seint på bordet til oss. Vi er undrande til denne vesentlege reduksjonen. Vi kjem til å ta tak i og sjå meir på om dette kan endrast, sa ho.

Når det gjeld kostnader så viste økonomisjefen til at rentekostnadane har auka med dei auka rentesatsane, og at det sjølvsagt går ut over drifta.

– Vi skal få gode tenester

I framlegget er det budsjettert med omtrent 3,1 millionar kroner i positivt driftsresultat, og omtrent 1,7 millionar kroner i avsetning til disposisjonsfond.

– Det er eit stramt budsjett, men vi meiner at det er eit ansvarleg budsjett, og at vi skal få gode tenester innafor dei rammene som er sett, sa Langli.

Ho snakka og litt om utfordringar for kommunen framover, mellom anna vekt i antal innbyggarar over 80 år, som fører med seg kostnadsvekst innanfor helse og omsorg. Ei anna str utfordring er tilgang på arbeidskraft. Når det gjeld boseting av flyktningar kan det og komme utfordringa, mellom anna med å skaffe nok bustadar.

Det vart lagt fram ei lag rekkje endrings- og tilleggsforslag i møtet.  Saksdokumenta og protokollen for møtet ligg tilgjengeleg på Surnadal kommune si heimeside, og debatten i saka kan ein sjå på kommune-TV.

Kommunestyrets vedtak :

1. Kommunestyret vedtek Surnadal kommune sitt budsjett for 2024 og økonomiplan 2024- 2027, slik det er framstilt i Økonomisk oversikt drift etter § 5-6, og i tråd med vedlagte digitale dokument. Les dokumentet her: Budsjett-og økonomiplan 2024-2027 

2. Kommunestyret vedtek driftsbudsjettet for 2024 slik det er framstilt i Løyvingskjema § 5-4, første ledd, i tråd med det vedlagte digitale dokumentet. 

3. Kommunestyret vedtek drifstbudsjettet for 2024 med netto driftsrammer til einingane, slik det er framstilt i løyvingskjema §5 -4, andre ledd, i tråd med det vedlagte digitale dokumentet. 

4. Kommunestyret vedtek investeringsbudsjettet for 2024 slik det er framstilt i løyvingskjema § 5-5, første ledd, i tråd med det vedlagte digitale dokumentet. 

5. Kommunestyret vedtek investeringsbudsjettet med forslag til investeringsprosjekter for 2024 slik det er framstilt i løyvingskjema § 5-5, andre ledd, i tråd med det vedlagte digitale dokumentet 

6. Kommunestyret vedtek eit låneopptak på inntil kr. 139 512 000 for 2024. Kommunedirektøren får fullmakt til å gjennomføre låneopptak og evnt kortsiktig driftskreditt i løpet av året ved behov, inkl. godkjenning av lånevilkår etter gjeldande økonomireglement. 

7. Kommunestyret vedtek satsar for brukerbetaling/ gebyr/ avgifter/ husleie mv, slik det er framstilt under området «gebyrliste» i det digitale dokumentet med følgjande endring: Kommunestyret vedtek at aukinga på leiesats på kommunale utleigebustader skal ligge på 4,0%. Inntekt leie reduseres med 85 000kr og dekkes opp av disposisjonsfond. 

Kommunestyret vedtok følgjande endringar i forhold til kommunedirektøren si innstilling: 

8. Investering i gatelys eldre bustadfelt blir utsett eit år og ført med 200.000 per år i 2025 og 2026. 

9. Investering i samlokalisering teknisk drift blir utsett eit år og ført med 2,5 millionar kr i 2025. 

10. Investering i bilkjøp heimetenesta blir utsett og endra til 2024: 0 2025: 1,2 mill. kr 2026: 1,2 mill.kr 

11. Auka ramme til skulane/oppvekstsentra på til saman 1,0 mill. kroner (fordelt per eining etter elevtal) for å finansiere personalkostnader til å yte kantinetenester og redusere foreldrebetalinga 13 til skulemat frå skulestart i august 2024. Avsetning til disposisjonsfondet blir redusert med 1,0 mill. kr. 

12. Endringar i investeringane for 2024: • Ferdigstilling av tankbil til brannvesenet leggast inn med kr. 500 000 • Oppgradering av elanlegg kyrkjene i Surnadal leggast inn med kr. 200 000 • Investering Svartvassbakkan reduserast til kr. 19 300 000 (reduksjon med kr. 700 000) 

13. Kommunestyret vidarefører vedtak om 6 000` til Øyabrua i Todalen i investeringsbudsjettet 2024. Investeringa dekkjast av låneopptak. 

14. Kommunestyret vidarefører Tromyrhauan boligfelt i investeringsbudsjettet 2024 med 1 500`. Investeringa dekkjast av låneopptak. 

15. Varslet reduksjon på eigedomsskatt på vannkraftanlegg på kr. 1 600 000 blir finansiert med bruk av disposisjonsfond. 

16. Ansvar 503 Tilskot får auka ramma med kr 400 000 i 2024 og 2025. Midlane skal nyttast til auka tilskot til lag og organisasjonar inkludert grendalag. Tiltaket blir finansiert med tilsvarande auke på inntektsposten integreringstilskot. 

17. Ansvar 530 Kyrkjeleg fellesråd får auka ramme med kr 100 000 i 2024 og 2025. Tiltaket blir finansiert med tilsvarande auke på inntektsposten integreringstilskot. 

18. Kommunestyret vedtek 30 000 kr til vaksinering mot smittsom hjernehinnebetennelse for eitt årstrinn på skulen. Eininga står fritt til å laga retningslinjene for kva for klassar som får tilbodet og korleis gjennomføringa skal vere. Kostnaden skal dekkjast innanfor driftsbudsjettet. 

19. Kommunestyret vedtek 180´ til utvikling av uteområdet på SUBUS. Dekkast av låneopptak. 

20. Kommunestyret vedtek 150´til drift av Bøfjorden branndepot. Tas fra disposisjonsfond i 2024, vidare drift i økonomiplana skal innarbeidast i driftsbudsjettet for eininga. 

21. Kommunestyret vedtar å endre tekst og gebyr for foreldrebetaling barnehage i tråd med stortingets vedtak: fra Redusere foreldrebetaling barnehagen 100% (41 t eller meir) fra 3.000kr til 2.000kr fra 01.08.2024. til Redusere foreldrebetaling barnehagen 100% (41 t eller meir) fra 3.000kr til 1.500kr fra 01.08.2024. 

22. Driftsinntektane til skulane aukast med kr. 200.000 for å fullfinansiere gratis skulemat frå august 2024. Auka blir teke frå driftsresultatet. 

23. Sektoren styrkast med 2,4 millioner i budsjettplanperioden. Midlane blir teke frå auka eigedomskatt frå vannkraftverk og inntekter frå salg av konsesjonskraft. 

24. Investering av hjullaster blir utsett til 2025. 

25. Økt lånebehov i 2024 med 5,7 mill for finansiering av nye tiltak i investeringsbudsjettet. Kostnader på kr 300.000,- i 2024 og kr. 400.000,- i økonomiplan perioden blir dekt av disp. fond i 2024 og videre av økt rammetilskudd i økonomiplan perioden. 

26. Gang og sykkelveg. Kommuneveien Industrivegen er en trafikkfarlig vei for gående og syklende hvor kommunen har det hele og fulle ansvar for. I løpet av 2024 settes det i gang forberedelser til planarbeider med tanke på å få bygd gang- og sykkelvei for hele industriveien langs det kommunale industriområdet. Hvis den kommunaltekniske enheten finner muligheter for dette i sine rammer for 2024, settes forberedelsen i gang da. Veien står også på prioritert plass i trafikksikkerhetsplanen. Det settes av investeringer i langtidsbudsjettet med virkning fra 2025 slik at veien kan stå ferdig senest utgangen 2027. 

27. Tilleggstekst under investeringsprosjekt Næringsareal: 14 Utarbeiding av geoteknisk rapport i arbeidet med næringsareal i Røtet må skje så raskt som mogleg, og dekkast av desse investeringsmidlane. 

28. Kommunestyret ber om at Ordfører og Kommunestyret møter Kommunedirektøren mars/april 2024 og legger en plan for prosesser og samarbeid om budsjett og andre viktige saker. Dette for å bedre og effektivisere en allerede god jobb fra Administrasjonen i Surnadal Kommune. 

29. Kommunestyret ber om at det blir arbeidd videre med periodisering av årsbudsjettet. 

30. Kommunedirektøren får fullmakt til å justere mva.kompensasjon, låneopptak og statlige tilskot i investeringsbudsjettet i tråd med vedtatte endringar i investeringsprosjekt. Dette gjeld også for eventuelle nye budsjettreguleringar i investeringsprosjekta gjennom året. 

31. Kommunestyret gir kommunedirektøren fullmakt til å gjerne redaksjonelle endringar i tråd med endeleg vedtak i budsjettsaka.

Powered by Labrador CMS