Kommunestyremøte i Surnadal

Lang debatt om skulestruktur og innsparing i oppvekstsektoren
Torsdag denne veka var det kommunestyremøte i Surnadal, der den største og viktigaste saka handla om skulestruktur.
Interpellasjon om kostnader i oppvekstsektoren
Ole Joar Karlstad Bruset (H) la fram ein interpellasjon. Her påpeika han at KOSTRA-tala viser at Surnadal brukar 32 millionar kroner meir på oppvekst enn gjennomsnittet av kommunane i den same KOSTRA-gruppa, og 25 millionar av dette er på grunnskule. Bruset samanlikna kostnadane til drift av skule i Surnadal med Oppdal og Heim, som er samanliknbare kommunar i folketal, avstandar, antal skular og nybygg. Desse to kommunane brukar mykje mindre på grunnskule enn Surnadal pr innbyggar. Bruset ønska derfor svar frå ordføraren på kva som er årsaka til at Surnadal kommune brukar 25 millionar kroner meir på tenestetilbodet grunnskule enn andre samanliknbare kommunar. Kvar kan ein sjå posisjonen sine politiske prioriteringar og ressursbruk i auka kvalitet, og eit betre tilbod, samanlikna med dei andre kommunane, spurte han.

Ordførar Hugo Pedersen svarte at han meiner at Surnadal kommune har ein god grunnskule, og at det er politiske prioriteringar som han stiller seg bak. Han sa at det er ei samfunnsøkonomisk god investering, som gjer Surnadal til ein attraktiv kommune å bu i. Pedersen viste mellom anna til kvalitetsmeldinga for oppvekst 2023-2024, der kommunebarometeret rangerer Surnadal på plass nr. 74 av 357 kommunar når det gjeld grunnskule.
Bruset kommenterte at han følte at han ikkje fekk svar på spørsmålet om kvifor Surnadal brukar meir pengar på grunnskule pr innbyggar enn samanliknbare kommunar.

Trond Håskjold (H) kommenterte at det hadde vore nyttig å få et svar på kva for element i grunnskulen som er dyrare i Surnadal enn i dei samanliknbare kommunane, med tanke på saka om innsparing i oppvekstsektoren som skulle opp seinare i dette møtet.
Bergsvein Brøske (Sp) rosa interpellanten frå talarstolen. Han sa at dette var ein god interpellasjon, og at dette er viktige spørsmål i ei tid der kommunen held på med massiv omstilling. Han sa at det er nødvendig å dukke ned i KOSTRA-tala, og samanlikne med andre kommunar.
Kommunedirektør Lars Inge Kvande tok fram tala for Oppdal som eit eksempel. Oppdal har i overkant av 7000 innbyggarar, og dei har større elevtal på dei minste skulane. Det gjer at dei har betre moglegheit til å sette saman klassar og bruke ressursane meir effektivt. Dette er ein del av svaret, presiserte kommunedirektøren.
Debatt om skulestruktur
Det knytta seg stor spenning til saka om effektivisering og moglegheiter for innsparing i oppvekstsektoren etter høyring. Det var og nokre tilhøyrarar som hadde møtt på på kommunestyremøte for å følge denne saka.
Kommunedirektøren hadde innstilt på at å legge ned skulane i Bøfjorden Bæverfjord oppvekstsenter, Mo oppvekstsenter og Todalen og Stangvik oppvekstsenter, og flytte elevane til Surnadal barne- og ungdomsskule (SUBUS) frå skuleåret 2026-2027. Kommunedirektøren og kommunalsjef for oppvekst Kenneth Bergstad la fram saka for kommunestyret.
Det vart mykje debatt om saka. Fleire av representantane som var oppe på talarstolen ga uttrykk for at dette er ei svært vanskeleg sak. Sjå heile debatten på Kommune-TV.
Gøran Bolme (SP) tok ordet, og la fram forslag frå Senterpartiet, Frp, MdG og Raudt, om at skulane og barnehagane IKKJE skal leggast ned. I forslaget låg óg konkrete elevtal/barnetal som skal utløyse samanslåing i framtida.

Jorid Aarvåg (AP) la fram forslag om å legge ned skulen i Mo oppvekstsenter. Mo skule er den minste av skulane i kommunen, og den som ligg nærmast SUBUS. Nokre representantar frå Høgre signaliserte at dei ville støtte dette forslaget, men ingen av representantane sa at dei ønsker å legge ned skulen. Forslaget, og støtten til forslaget, var begrunna med å ta ansvar for økonomien i kommunen, og frykt for at nedlegging av ein eller fleire skular vil tvinge seg fram seinare om ein ikkje gjer noko no.
Avstemninga gjekk til dels på tvers av partilthørigheit, og i den endelege avgjerande avstemninga endte det med 12 stemmer for Arbeiderpartiet sitt forslag og 15 stemmer for Senterpartiet sitt forslag. Det betyr at ingen skular blir lagt ned.

Mindre støtte til alpinsenteret
Neste sak var om Surnadal Alpinsenter AS og eigarfinansiering framover. Her hadde formannskapet innstilt på å løyve eit årleg beløp på kr. 2.500.000,- som eigarbidrag til alpinsenteret. Løyvinga/beløpet gjeld for fire år, 2026, 2027, 2028 og 2029, og blir finansiert ved bruk av næringsfond i det respektive år.
Trond Håskjold (H) la fram forslag om å redusere den årlige støtten til 2 millionar kroner, og berre for 2026.
Høgre sitt forslag vart vedteke med 17 mot 9 stemmer.
Sjå heile møtet på Kommune-TV: