Formannskapsmøte i Surnadal

En mann som står på en talerstol og snakker til en forsamling.
Kommunedirektør Lars Inge Kvande.

Er ikkje sikker på om det er mogleg å unngå ROBEK - avventar den første tertialrapporten

Tirsdag 29. april var det formannskapsmøte i Surnadal, der formannskapet fekk ei oppdatering på den økonomiske situasjonen i kommunen.

Først i møtet kunne kommunedirektør Lars Inge Kvande opplyse om resultatet frå prekvalifiseringa for helsehus-prosjektet. Seks leverandørar har levert inn forespørsel om å delta i konkurransen. Forespørslane har vore evaluert ut frå krav om informasjon som er oppgjeve i konkurransegrunnlaget, og tre av leverandørane vart valt ut til å gi inn tilbod på prosjektet. Dei tre utvalte entreprenørane er Hent AS, Ruta Entreprenør AS og Veidekke AS. Kommunedirektøren sa at han er fornøgd med dette, og at han trur at dette gir eit godt utgangspunkt, både med tanke på pris og for å få eit best muleg produkt totalt sett. Tilbodsfristen er sett til 17. september. Da vil ein få ein pris å forhalde seg til.

Saksdokumenta til formannskapsmøte finn ein på Surnadal kommune si heimeside.

Her kan du sjå heile møtet i opptak på Kommune-TV:

Varsla om krevjande tiltak

Kommunedirektøren orienterte og om den økonomiske situasjonen. Han gjekk gjennom lista over innsparingstiltak, og orienterte om status for kvart enkelt punkt på denne lista. Det meste er i rute. 

Eit forslag om tiltak for innsparing på kort sikt er å vurdere å stenge åtte sengeplassar på sjukeheimen (pkt. 14). Kommunedirektøren understreka at dette ikkje er utgreidd, og at han ikkje anbefaler dette tiltaket. Det gjekk óg fram av kommunedirektørens innstilling i saka. Kommunedirektøren sa at det er behov for desse sengeplassane, og dersom ein tek bort sengeplassar på institusjonen så vil det mellom anna føre til stor ekstrabelastning på andre kommunale tenester.

Kommunedirektøren minna om at han og administrasjonen har fått ansvar for å ta beslutningar som gjer at ein held seg innenfor budsjettrammene, og han varsla om at det kan kome beslutningar som er meir krevjande enn ein har vore vant med tidlegare. Han tok fram eit eksempel; det kan hende at ein må tømme bassenget. Dersom kommunedirektøren tar ei slik avgjerd, og kommunestyret seier at dei ikkje vil vere med på det, så bør dei kome med ei inndekning, ellers blir det lagt til det udekte meirforbruket som kommunen har med seg inn i dialogen med Statsforvaltaren.

Kommunedirektøren nemnde óg at fleire av fagforeiningane har varsla om uro blant store grupper av medarbeidarar i kommunen. Han understreka at den øvste leiinga i kommunen legg vekt på å gje så tidleg, tydeleg og korrekt informasjon som mogleg.

Kommunedirektøren kan enno ikkje seie om det er mogleg å unngå ROBEK. Dette må han få kome tilbake til når når tertialrapporten for første tertial er klar, sa han. 

Målet om å ikkje kome på ROBEK er viktig

Varaordførar Anett Ranes (Ap) sa frå talarstolen at ho synes at kommunestyret no også må sjå på, løfte og vere klar over dei vedtaka dei har gjort, og sjå på det som administrasjonen allereie har gjennomført, og som dei er i ferd med å gjennomføre. 

– Vi har redusert 1,4 årsverk på sentraladministrasjon, og vi har redusert 4 årsverk på teknisk. Vi har redusert 4,5 stilling på vaksenopplæring og integrering, og vi har redusert møtefrekvensen på politiske møte. Det er og sett i gang ein prosess der ein skal sjå på reduksjon på 4 årsverk på Todalen og Stangvik oppvekstsenter, og 2 årsverk til på vaksenopplæringa, sa ho.

Vidare sa Ranes at når det gjeld kultur er hotellavtalen sagt opp, frivilligsentralen skal samlokaliserast på kulturhuset, og at det må finnast fleire tiltak på denne eininga i 2025 og 2026, uten at ein heilt veit korleis det slår ut. 

Ho minna óg om at det er sett i gang ein omfattande og grundig prosess med å sjå på leiarstrukturen i kommunen, med mål om å redusere utgifter med ca. 5 millionar kroner på administrasjon. 

Ytterlegare 4 stillingar skal bort på teknisk, over to år, og politikarane har bedt om ei omfattande utgreiing på oppvekst. I tillegg til dette ligg det inne ei forventning om at administrasjonen må ha tid til å vurdere og initiere interkommunale samarbeid, dei skal finne ytterlegare årsverk å redusere, og endring av næringsarbeidet ligg inne om eit par år.

– Vi har fått ei plan for sjukefråværsoppfølging, og det er ikkje verdt tida hvis ikkje den og kan følgast opp. Vi har månadlege økonomiske rapportar, og desse økonomiske rapportane inneheld og ei løpemelding om ulike adminsitrative og politiske tiltak som er bestemt. (...) Kommunedirektøren var i innleiinga si inne på det omfattande arbeidet med å følge opp einingane med å halde seg innafor eit krevande budsjett, og det er forespeila ei liste med innsparingar som vil kome i juni-møtet, sa Annett Ranes, og heldt fram:

– Da skal vi vere litt bevisst på dei nye oppgavene, utgreiiingar og vedtak som vi pålegg administrasjonen. (...) No må vi faktisk bruke tida vår og prioritere den knallhardt på å snu skuta!

Vidare sa varaordføraren at ho, på tross av alt dette, opplever at kommunedirektøren, både i sine ordval i saka og i orienteringa si, opnar meir opp for at kommunen kanskje kjem inn på ROBEK. 

– No har vi allereie eit udekka underskudd på 17 millionar å ta med oss, og det må vi ein gong betale tilbake igjen med reduserte tenester. Om vi ikkje klarer å ta ned drifta og halde oss innafor budsjettet i år, og får ytterlegare underskudd å ta med oss, så vil det berre gje enno meir omfattande kutt-tiltak i åra framover, understreka ho.

Ranes sa at ho høyrde kva kommunedirektøren svara på spørsmål om kvifor det ikkje er lagt til fleire tiltak på lista. Det har med at ein må ha tid til dei tiltaka som allereie er bestemt, for å halde seg innanfor rammene. Og det jo vere prioritet nummer ein, slo ho fast.

– Om det vi no har på tapeten ikkje er nok til å halde oss utenfor ROBEK, det er kanskje ikkje så viktig for meg lenger. Og at tida vi eventuelt blir på ROBEK skal bli kortast mogleg er heller ikkje så viktig. (...) Men det som er viktig for meg, det er at vi tek tak, og at vi står for endringar som gjer at vi unngår det som kunne ha blitt enda verre, og smerta innbyggarane våre enno  meir, om det er barn eller eldre, om det er sjuke eller friske, om det er arbeidstakarar i eller rundt kommunen og innbyggarane våre. Derfor er målet om å ikkje komme på ROBEK så viktig, og det å vere der kortast mogleg. 

Vidare sa Ranes mellom anna at den komande tertialrapporten vil vere litt meir omfattande, og den vil vise mykje av det politikarane har etterspurt ganske lenge. Der vil politikarane få lagt fram konkrete tiltak, som dei må stå bak.

– Dersom vi skal seie nei, så må vi faktisk finne noko anna. Og så håpar eg at det i den prosessen vil dukke opp tiltak som kan bidra til å få ned dei 17 millionane, slik at vi slepp å kome på ROBEK, avslutta ho.

Ole Joar Karlstad Brusett (H) etterlyste blant anna andre tiltak innan oppvekt, utanom det som gjeld endring av skulestruktur.

Nils Petter Tonning (FrP) sa at han trur ikkje, slik som situasjonen er no, at det er mogleg å kome seg unna ROBEK.

Trond Håskjold (H) sa at det ikkje har noko betydning om kommunen er innanfor eller utanfor ROBEK, for drifta av kommunen må endrast uansett.

Støtte til SKUV og KIAS

Formannskapet løyva Kvanne Industrier AS eit tilskott på 120.000 kroner i støtte til utvikling, testproduksjon og lansering av aluminiumsdører. Beløpet blir belasta næringsfondet.

Surnadal konseputvikling (SKUV)  hadde søkt kommunen om 100.000 kroner i støtte for å arrangere Midtsommar i Surnadal, med bakgrunn i eit total kostnadsbudsjett på 840.000 kroner. Kommunedirektøren hadde innstilt på at SKUV skulle få innvilga støtte på 75.000 kroner frå næringsfondet. Nils Petter Tonning (Frp) la fram forslag om at SKUV får 100.000 kroner, som dei ber om. Han understreka at Midtsommar i Surnadal er viktig for bygda, aktivitet trivsel og bolyst for ungdom. Forslaget frå FrP fekk fleirtal med fem stemmer, mot tre.

Powered by Labrador CMS