Frå NRK Møre og Romsdal:

Varslar store kutt i ferje­sambanda i Møre og Romsdal

Publisert Sist oppdatert

– No får vi det svart på kvitt, eller heller raudt på kvitt, kva dette betyr. Det er nærast ein massakre av ferjetilbodet i fylket vårt.

Leiar av samferdsleutvalet i Møre og Romsdal, Kristin Sørheim (Sp), meiner forslaget vil føre til avfolking og rasering av livet på kysten, skriv NRK Møre og Romsdal.

Det første kuttforslaget for ferjene i fylket vert lagt fram i samferdsleutvalet Møre og Romsdal i Molde onsdag. Så å seie alle ferjesamband i Møre og Romsdal vil få kutt om forslaga går gjennom.

Lilly Gunn Nyheim sit i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal.

Eit ekspertutval har foreslått eit nytt inntektssystem for fylkeskommunane når elleve fylke skal verte 15 – eit system der mellom anna Møre og Romsdal er ein av dei store taparane.

Lilly Gunn Nyheim (Ap) meiner Møre og Romsdal står i fare for å verte nedlagd som distrikt om sentrale politikarar ikkje tek inn over seg at ferjer er dyre i drift.

– Dette her må vi få stoppa, seier Nyheim.

Slik er forslaget om kutt i sambandet Kvanne–Rykkjem, ifølge NRK:

  • 14 avgangar på kvardagane vert kutta, utan at det er spesifisert kva ruter det vert.
  • Laurdagar vert 10 avgangar fjerna, og sundagar 12.

Samla venta innsparing på dette sambandet: 1,2 millionar kroner.

Les heile saka på NRK Møre og Romsdal sine nettsider

Powered by Labrador CMS