Mali Sættem sikrar seg signert bok av den eine forfattaren

Stor interesse for bok om Dovrefjell

Det var bra oppmøte i biblioteket, der Svein Sæter kåserte og viste nokre av bilda frå den heilt ferske boka "Kampen om Dovrefjell" som han har skrive i samarbeid med dottera Yngvild.

Publisert

-Fjella våre er fulle av eventyr og sluttar aldri å overraske, sa Svein Sæter og fortalte om møte med villrein, fjellrev og moskus, om eit utruleg planteliv og fantastiske fossefall.

No gir han, saman med dottera Yngvild, ut boka «Kampen om Dovrefjell». Boka tek for seg dei unike naturverdiane vi har på Dovrefjell, og kva som truar desse verdiane.

-Ei rekkje av truslane er felles for alle norske fjellområde, sier Sæter, for eksempel dei mange konsekvensane av klimaendringane, som nedsmelting av brear og attgroing av landskap. Andre truslar er spesielle for Dovrefjell, og har ført til ei rekkje «kampar» for å verne naturen. Nokre av dei vart vunne, andre tapt.

Blant dei siste blir mellom anna Mardølaaksjonen i 1970 nemt, kampen mot å legge den majestetiske Mardølafossen ved Eikesdalen i rør. Likevel anser ein at den var viktig for at andre vassdrag, som Grøvu, seinare skulle bli verna. Også kampen mot lager av spesialavfall på Hjerkinn vart vunne.

Grøvudalen i Sunndalsfjella vart redda frå neddemming på 1980-talet. Her frå Inner Gammelsetra, som enno er i drift. .

Forbod mot ferdsel?

Boka dekkjer eit stort geografisk område, avgrensa av elvene Rauma i sør og Driva i nord, av Dovrebanen i aust og fjordane i vest. Undertittelen «Europas siste intakte høgfjellsøkosystem» fortel at dette store fjellområdet er viktig også i internasjonal samanheng.

-2002 var eit viktig år for denne fjellheimen, fortel Sæter. Da vart arealet i gamle Dovrefjell nasjonalpark seksdobla. Også namnet vart utvida: Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark.

I boka peikar forfattarane på den viktigaste grunnen til utvidinga, nemleg omsynet til snøhettareinen, den siste opphavlege villreinen i Europa. Tilstanden til reinen på Dovrefjell har forverra seg, og snøhettareinen har hamna på raudlista for første gong.

Ein viktig grunn til dette er at turismen i kjerneområde for reinen, for eksempel til Snøheim og Stroplsjødalen, er mangedobla. Dette har no ført til ein debatt om tiltak som er sjeldne i norsk naturforvalting, nemleg forbod mot ferdsel i delar av fjellet til visse årstider.

-Slike tiltak er truleg nødvendige, meiner Svein Sæter.

Interessa for «Kampen om Dovrefjell» er stor. I den nærmaste tida blir det lanseringar i Oppdal, Nesset, Molde, Åndalsnes, Sunndalsøra, Tingvoll og Trondheim, mens Oslo står for tur på nyåret.

Powered by Labrador CMS