Pressemelding:

Mørenett kjøper 132 kV nettanlegg i Møre og Romsdal

Olje- og energidepartementet har fatta endeleg vedtak i klagesaka om å omklassifisere transmisjonsnett til regionalt distribusjonsnett i Møre og Romsdal. Omklassifiseringa skjer med verknad frå 1. januar 2023, og Mørenett har signert kjøpsavtale med Statnett om å overta delar av desse anlegga frå same dato.

Anlegga Mørenett skal kjøpe strekkjer seg frå Ørskog i Møre og Romsdal til Orkdal i Trøndelag, og frå Sunndalsøra til Vågåmo i Innlandet. I tillegg er delar av Ørsta transformatorstasjon omfatta. Til saman består anlegga av om lag 40 mil 132 kV kraftlinjer og 10 transformatorstasjonar.

Rune Kiperberg

- Vedtaket sikrar regionalt eigarskap til eit kraftnett som er bærebjelken i den regionale kraftforsyninga. Med Mørenett som eigar legg vi til rette for ei samla forvaltning av det overordna regionalnettet på Nordvestlandet, seier Rune Kiperberg, adm. direktør i Mørenett.

Etter at kjøpet er gjennomført vil Mørenett få nye grensesnitt mot Elinett, Romsdalsnett, Mellom, S-nett, SuNett, Tensio, Fjellnett, Eidefoss og Statkraft.

- Mørenett vi ta initiativ til å sikre eit godt samarbeid rundt utvikling og drift av denne viktige infrastrukturen til det beste for både kundar og næringslivet i regionen, seier Kiperberg

Powered by Labrador CMS