![Dordi Lerum og Per Ivar Lied. Ei dame og en mann oppstilt for fotografering.](https://image.trollheimsporten.no/286236.webp?imageId=286236&x=0.00&y=3.75&cropw=100.00&croph=96.25&width=960&height=692&format=jpg)
Innfører mobilforbod på alle vidaregåande skular
No blir det mobilforbod på alle dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal. Det vart vedtek på dagens møte i Kompetanse- og næringsutvalet, melder Møre og Romsdal Senterparti i ei pressemelding.
Det var Senterpartiet som fremja forslaget om mobilforbod, som vart samrøystes vedteke.
– Læraren skal igjen bli sjefen i klasserommet, ikkje mobilen! Over tid har mobilbruken i vidaregåande skule sklidd heilt ut, noko som går utover undervisninga og klassemiljøet. No gir vi lærarane verkemidla dei treng for å hindre uønska bruk av mobil, seier Dordi Boksasp Lerum.
Forslaget som vart fremja av Senterpartiet var å ta inn ei setning i skulereglementet om at «Som hovudregel skal det vere mobilforbod i alle undervisningstimar».
– Vi er midt inne i ei russetid som for mange kan verke lite inkluderande, og vi veit at mykje ekskludering skjer også digitalt. Ved å ta mobilen ut av klasserommet legg vi også tilrette for å bygge relasjonar i det verkelege liv. Difor var vi også med på å støtte Krf sitt forslag om at skular og elevar skal samarbeide for å gjere russetida inkluderande og triveleg for alle, seier Per Ivar Lied.
Skulereglane skal ha si endelege handsaming på fylkestinget i juni.