LESERINNLEGG:

Einy Rendal Elgsæther
Einy Rendal Elgsæther

Tru og livssyn i ei pandemitid

Publisert

Igjen er tru og livssyn forskjellsbehandla frå anna samfunnsliv, denne gongen ved ei markert neglisjering i koronakommisjonens rapport «Myndighetenes håndtering av koronapandemien» (levert statsminister Erna Solberg 14. april).

Av rapportens 450 sider, handlar tre setningar om tru og livssyn. (Ref: VL) Kommisjonen har rett og slett oversett ein stor sektor i norsk samfunnsliv da dei fekk i oppdrag å kartleggja alle relevante sider ved handteringa av koronapandemien.

«Skuffande og historielaust,» seier Ingrid Rosendorf Joys, generalsekretær i Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL). Og ho refererer til det utrulege at gudshus over heile landet vart stengde. «Det var ikkje ein gong tilfelle da kong Sverre vart lyst i bann og Norge i interdikt av Roma i Mellomalderen». Og ikkje under krigen, kan vi føya til. Men denne største nedstenginga av kyrkjer i Norge nokosinne, er knapt nemnd i rapporten.

Antal menneske ved samlingar i trussamfunn samanlikna med butikkar, restaurantar, kinoar og anna kulturtilbod er ikkje vurdert av komiteen. Det er ganske utruleg at styresmaktene gjekk inn for 200 i ein kinosal og 50 i ei kyrkje, same kor stor kyrkja var. (F eks Nidarosdomen) Seinare redusert til ti for alle kyrkjer, det same som å avlysa gudstenester.

Ikkje berre Joys meiner det har gått på trus- og livsynsfridom laus, ja, ytringsfridom, noko som er sterkt nedfelt i Grunnlova.

Joys seier ho er litt overraska.

Eg er ikkje overraska etter alt vi har sett av forskjellsbehandling gjennom dette året. Det har omtrent aldri vore stilt spørsmål ved problema for alle dei som går til gudstenester og religiøse møter, men heile tida har vi høyrt om skjenkeproblem og store tap for restaurantnæringa, for sportsarrangement og anna kultur, kino og teater, russefeiring, fritidsreiser etc.

Enda til da samfunnet vart stengt ned og samlingar forbode før den største kristne høgtida, påska, var det største problemet uteliv, hytteliv, reising etc. Ikkje eit ord i dei store media om høgtidsgudstenester og kyrkjelege arrangement.

Det har faktisk også vore store økonomiske inntektstap for kyrkja og kristne organisasjonar, fleire misjonsorganisasjonar måtte på kort varsel avlysa generalforsamlingar og store stemner for tusenvis av menneske. Berre her i vårt lokale nærmiljø måtte fleire arrangement avlysast med ein par dagars varsel, jubileumsfest, nyttårsfest, områdeårsmøte etc.

Første nyhetssendingar, både nasjonalt og lokalt, etter at samfunnet no vart delvis opna, var fokusert på gleda over at ein no kunne gå ut og få seg ein øl, noko som i helga har vore kraftig dokumentert med store reportasjar og «ølreklamar» frå parkar- og gateliv i Oslo og fleire stader. («Oslofolket er så slitne nå»)

Kyrkjelivet var ikkje nemnd, enda det er kanskje ikkje noko som samlar så mange ein vanleg søndag utan korona, og kyrkjelege arrangement har vore heilt nedstengt i den største kristne høgtid.

Trusutøving er for mange av oss ein grunnleggjande del av vår identitet og liv, og som sagt verna av Menneskerettane og Grunnlova. Da bør konsekvensane av nedstenging (evt uforhaldsmessig) vurderast av komiteen på lik line med anna samfunnsliv. Eller er landet vårt så avkristna at det er heilt utafor tankesfæren til styresmakter og media?

Einy Rendal Elgsæther