LESERINNLEGG:

Faktaopplysningar i tilknyting til Eivind Hasle sitt lesarinnlegg av 9. oktober i Trollheimsporten

Publisert Sist oppdatert

Eg viser til Eivind Hasle sitt lesarinnlegg i Trollheimsporten av 9. oktober 2021 under tittelen «Rosverdig sparsemd?». Her kjem følgjande presiseringar av fakta:

  1. Sparetiltaksvedtaket om å ta med nistepakke på hovudutvalsmøta omfatta ikkje kaffe. Møtedeltakarane får kaffe frå kommunen.
  2. Kommunedstyrevedtaket om å ta med nistepakke på hovudutvalsmøta var samrøystes. Følgjande politiske parti står bak vedtaket: Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Høgre, Framstegspartiet, Miljøpartiet De grøne og Sosialistisk Venstreparti.

Dette for klargjering.

Johs. J. Vaag