LESERINNLEGG:
Formueskatt og skatt på arbeidende kapital må vekk!
SP og AP sin skattebonanza må kuttast kraftig, og ei ny FrP- og Høgre-regjering må kutte betydeleg formueskatten og skatt på arbeidende kapital raskast råd. Her i vårt fylke er det denne skatten som rammar næringslivet brutalt, urettferdig og på ein måte som lammer all utvikling.
Formueskatten tappar norske bedrifter for kapital slik at dei ikkje har kapital til å investere i nye norske arbeidsplassar. Utandlandske selskap slepp denne skatten, noko som gjev dei eit konkurransefortrinn.
Vi har alle høyrt om investeringane i mange bedrifter i milliardklassen som er lagt på is, slik som planane til Flakk på Sunnmøre til dømes. I dag har vi ei regjering av SP og AP som ikkje har magemål innan skattar, avgifter og offentlige inngrep.
Ser ut for at Trygve Slagsvold Vedum som finansminister har som mål å knekke distrikta og næringslivet der.
Valget til hausten både i kommuner og fylkesting startar kampen mot skattar og avgifter og kampen for eit aktivt næringsliv i distrikta. I kommunane må eigedomsskatten fjernast, dette er ein urettvis skatt som rammar blindt, og oppfører seg som om hus og heim og bedrifter er eit skatteobjekt, noko dei slett ikkje er.
I fylkeskommunen jublar SP og AP for skattelegging av havbruk og oppdrettsnæringa, jublar for å tappe næringslivet for kapital og overføre pengar til ei overoppfylt fylkeskommunal lommebok. Grunnrenteskatt som fylket har urettvis tatt frå næringslivet, må eit borgarleg nytt fleirtal til hausten i fylket levere attende til næringslivet.
Om vel 1 år startar valgkampen til nytt Stortingsvalg, og ei ny regjering med FrP og Høgre må på plass i 2025. Då må ei av dei viktigaste sakene som må på plass raskt, vere kraftfulle kutt av formueskatt og fjerne heilt skatt på arbeidende kapital.
Her må det tråkkast til og fjerne heile dette vanvittige skatteopplegget som rammar næringslivet og utviklinga så vanvittig greinalaust. Det vil ta tid å bygge opp igjen landet etter havariet frå SP, AP og SV, og jobben startar no fyrst i kommune og fylkestingsvalget.
Stem for eit sterkt og godt næringsliv, stem FrP ved kommune og fylkestingsvalget!
Frank Sve
1. nestleder i Transport- og kommunikasjonskomiteen
Stortingsrepresentant
-13 kandidat på fylkestingslista for FrP