LESARINNLEGG:

Eivind Hasle

Sparetiltak - Ut frå tenk på eit tal?

Publisert

Kommunedirektøren i Surnadal har fått eit krevjande oppdrag: å lage framlegg til innsparingar på kommunebudsjettet med ein samla årsverknad på 5 prosent. Spesielt krevjande er jo dette ettersom det politiske fleirtalet stadig registrerer behov for nye tiltak, samtidig som det heile tida synest kjekkare å gi skattelette og privatisere og sveltefore inntektssida på budsjettet. I tillegg har vi jo registrert at kommune-økonomien alt synest å ha kome ned på eit miniumsnivå, slik at det t.d. er dugnadsånda som må sikre at flagga blir heist på nasjonaldagen. Kommunen har jo alt for lengst også meldt seg ut av Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), som eventuelt kunne gi nyttig nettverksinformasjon til nynorskkommunane.

Dei fleste av oss har dårleg grunnlag for å vurdere effekten av dei ulike innsparingstiltaka til kommunedirektøren, men det må likevel vere lov å reise spørsmål rundt enkelte forslag. Til dømes meiner kommunedirektøren at kommunen skal kunne ha ei årleg innsparing på «ca 2 000.000» ved å skifte administrasjonsspråk frå nynorsk til bokmål. Vi er mange som gjerne vil sjå ei konkretisering av dette framlegget.

Det er kjent at ei god og presis språkføring er eit pluss både for privat og offentleg forvaltning og tenesteproduksjon, anten det dreier seg om bokmål eller nynorsk. Og som norskfilolog og mangeårig fylkesbyråkrat er eg ikkje kjent med at det finst dokumentasjon på at kommunar med nynorsk administrasjonsspråk driv dyrare eller dårlegare enn bokmålskommunar. Heller tvert om: nynorsk har vist seg å vere eit godt administrasjonsspråk, som innbyr medarbeidarane til å bruke eit ekstra presist og konkret språk. Og nynorsk er ein spesiell fordel i delar av landet der talemålet ligg så nært og godt opp til nynorsk skriftspråk som på Nordmøre. Språket vårt er samtidig eit av dei viktigaste uttrykka for den lokale kulturen og den lokale identiteten og sjølvtilliten.

Det vil ta seg meir enn merkeleg ut om Surnadal kommune like etter ei vellykka Vårsøghelg med Nordmørskultur skulle vedta å gå bort frå det nynorske skriftsspråket. Etter mitt skjønn vil det vere eit tapsprosjekt som fort representerer meir enn 2 millionar i årsverknad!

Eivind Hasle

Powered by Labrador CMS