LESERINNLEGG:

Hugo Pedersen

Eigedomsskatt i Surnadal

I Surnadal har vi i utgangspunktet eigedomsskatt for alle eigedommar i kommunen. Nokon har rett på fritak. Sida vi er ein kraftkommune er det viktig for oss å ha eigedomsskatt på verker og bruk, som er ei viktig inntektskjelde for kommunen.

For bustadar og fritidseigedommar er skattesatsen på kr. 3,41 av kvar 1000 kr. i takstverdi.

Eigedomsskatten er ikkje knyta til inntekt, lån, formue eller boligeigars evne til å betale.

Det rammer derfor ulikt og er urettferdig. Den er og mest krevjande for unge familiar i etableringsfasen og tyngst for dei med store bukostnadar frå før.

Eigedomsskatt er heller ikkje noko som fremmer bulyst.

Senterpartiet i Surnadal vil derfor halde eigedomsskatten så låg som mogleg ved å redusere skattesatsen for bustadar og fritidseigedommar, og vi vil arbeide langsiktig for å fjerne den frå disse eigedommane.

Hugo Pedersen

Ordførarkandidat for Surnadal Senterparti

Powered by Labrador CMS