LESERINNLEGG:

F.v. Anne E. Rodal, listekandidat, Annett Ranes, ordførerkandidat og Ole Dalsegg, listekandidat for Surnadal Arbeiderparti.

Vi veit kor viktig ungdommane er

Publisert

I dag er det eksamen på Surnadal vidaregåande skole. For dei unge, framtida vår, er det ein viktig dag. Det er dagen for «siste innsats» før dei skal studere vidare eller ut i arbeid.

Men for nokre er framtida meir uklår og i Arbeiderpartiet er vi opptatt av gode tiltak for å få fleire unge i arbeid. Over 100.000 har fått jobb under Arbeiderpartiets tid i regjering, men i Noreg er det framleis 100.000 under 30 år som ikkje er i jobb eller utdanning.

1. juli trer ungdomsgarantien i kraft - ei viktig kampsak for Arbeiderpartiet!

I statsbudsjettet for 2024 vil regjeringa løyve 380 millionar til ungdomsgarantien. Dette er ei stor satsing som vil gi midlar til fleire tilsette i NAV som kan gi tettare oppfølging til unge under 30.

Inkludering gjennom arbeid

Medan fleire hundre tusen personar står utan jobb, er det mange bedrifter som skrik etter arbeidskraft. Målet er at alle som kan og vil jobbe, skal få moglegheita til det.

Derfor foreslo regjeringa i mai å løyve 250 millionar kroner ekstra til arbeidsmarknadstiltak i revidert nasjonalbudsjett. Det tilsvarar om lag 1500 plassar per månad i andre halvår 2023, og vil gjere at mange fleire får ta del i fellesskapet ein jobb gir.

I september er det val!

Valet i haust er eit retningsval. Det handlar om tryggheit for den enkelte, høve til å leve det livet ein ønskjer og vere del av eit fellesskap.

Vi i Surnadal Arbeiderparti skal jobbe vidare med dette i kommunen vår. I partiprogrammet vårt seier vi at vi vil:

· arbeide for at det framleis skal vere minst ein læreplass per 1000 innbyggarar per år i kommunen

· styrke ordninga «Sommararbeid for ungdom», slik at alle 17-åringar er sikra tilbod om arbeid

· arbeide for ein rekrutteringsstrategi der vi ser på nye og alternative måtar å skaffe kompetansen kommunen treng i framtida

Med nye tiltak frå staten og gode fellesskapsløysingar får vi til mykje!

Surnadal Arbeidarparti

Anne E. Rodal
Ole Dalsegg
Annett Ranes

Powered by Labrador CMS